Odelsjente: Kristina er takknemleg for heimen sin, og har alltid drøymt om ein tilleggsnæring med garden som utgangspunkt.
Symre Taugbøl Bang
Kristina satsar på grønsakhage i Øyfjell
Kristina Huitfeldt Carlsen (39) frå Øyfjell skal dyrke grønsaker på 775 meters høgde. Det har vore ein lang draum, og etter mykje inspirasjon frå andre og støtte frå Innovasjon Noreg er ho i gang med sin fyrste sesong.
Odelsjenta Kristina valde å flytte heim til Øyfjell i 2008, etter 9 år som student og sjukepleiar i Oslo.
– Eg treivst godt i Oslo, men eg visste på mange måtar at eg ein dag kom til å flytte heim att, seier Kristina.
i fjor haust valte ho og handle ut ifrå den brennande interessa for grønsaker og dyrking. Utan hjelp av plog og kunstgjødsel skal ho dyrke og selje grønsaker frå ein heilt alminneleg jordlapp 775 meter over havet.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP