Kronprinsparet besøker Rauland: Trelærar Benjamin Rygg forklarar om instrumentbygging

Kronprinsparet på USN Rauland: – Dette kunne eg sete og jobba med lenge

Tysdag fekk universitetsavdelinga på Rauland storfint besøk. Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit vart med rundt i dei ulike verkstadane, og fekk prøve seg med både høvel og vevstol.

Publisert Sist oppdatert

Kronprinsessa har tidlegare teke vevkurs på USN Rauland, og det var tydeleg at ho kjende seg heime i bygget.

– Studentane her er skjønne, sa ho då ho helsa på universitetsleiinga på den raude løparen som var lagt ut for dei kongelege.

Kronprinsparet vart møtt av langeleikspel i inngangshallen, før dei vart geleida ned til ei mottaking der universitetsleiinga skulle seie nokre ord. Vegen dit gjekk forbi tekstilavdelinga, og det var tydeleg at kronprinsessa kunne tenke seg å gå rett dit. Ho vinka og helsa på studentane og lærarane som var der inne då ho passerte.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS