Stør kunstnarar: Torhild Grøstad og Philipp Dommen. (Arkivfoto)
Randi Berdal Hagen
Kunstnarane skal på reise – kommunen stør prosjektet. – Me ønsker dei god tur
Seljord kommune gjev Torhild Grøstad og Philipp Dommen eit tilskot på 60 000 kroner. Neste år skal kunstnarane stille ut kolteikningar og skulpturar i Sveits.
Formannskapet i Seljord løyvde i førre møte 60 000 kroner til Torhild Grøstad og Philipp Dommen for å delta på ei kunstutstilling i Sveits.
I søknaden skriv kunstnarane at dei blitt invitert til å stille ut kolteikningar og skulpturar i Sveits frå februar til mai 2025. Utstillinga finn stad i Nidwalden Museum Winkelried i paviljongen for samtidskunst.
– Ofte er det kunstnarar med tilknyting til dette fylket (Kanton) som stiller ut der. Denne gongen har museet gjort eit spesielt kuratorisk grep ved å invitere oss to. Philipp budde 4 år i Stans då han gjekk på gymnaset der. Seinare emigrerte han til Noreg. På kunstakademiet i Oslo trefte me kvarandre og flytta etter kvart til Telemark. Saman har me bygd opp bustad og atelier i Svartdal. Arbeida våre har ei lokal forankring i det området me bur i med tema som kretsar rundt menneske, natur og kultur, kan ein lese i søknaden.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP