«Tåke» av kunstnaren Ruth Kvålo Dalen.
Kunstnarslepp på Grimdalstunet
Fredag 24. juni opnar Grimdalstunet på Skafså sommarutstillinga for 2022.
– Etter ein flott og varm mottaking av alle kunstnarar på Grimdalstuet i fjor med stor salssuksess, er me stolte av å presentere tre nye kunstnarar i sommar: Liv Sonja Flolid, Ruth Kvålo Dalen og Tove Estensen, melder styret i Grimdalstunet.
Dei meiner at tre dyktige kunstnarar vil gje ei spennande, variert og fargerik salsutstilling, og på opningsdagen vil kunstnarane vera på Grimdalstunet, slik at publikum kan sjå utstillinga saman med dei og snakke om kunsten deira.
Liv Sonje Flolid er figurativ i det meste. Ho likar å forenkle. Motiva er ofte hus som ho komponerer med form og farge og ho er heile tida på leiting etter korleis ljoset påverkar motiva hennar. Ho ynskjer at bileta skal vere balsam for sjela.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP