Kjent bilethoggar: Det har kome forslag om at Storvegen på Dalen blir døypt omm til Anne Grimdalens veg, etter den kjente kunstnaren Anne Grimdalen frå Skafså.

Kva skal vegen heite – Storvegen eller Anne Grimdalens veg?

Tokke kommune har lagt fleire adressenamn ut på høyring. Høyringsfristen er 15. februar så nå er tida for å kome med innspel.

Publisert Sist oppdatert

Storvegen er hovudvegen gjennom Dalen, og går i dag frå brygga eller nedst i Eidsborgberget, og gjennom heile Dalen, retning Åmot.

Det er ordførar i Tokke, Jarand Felland, som foreslår å endre heile eller delar av Storvegen til Anne Grimdalens veg. I haust skreiv han eit lesarinnlegg i VTB der han grunngav forslaget.

Anne Grimdalen var fødd på den øvste garden i Nordbygda i Skafså i 1899, og døydde i 1961. I 1922 byrja ho på Statens håndverks- og kunstindustriskole, og i 1926 kom ho inn på Kunstakademiet. Frå 1928 var ho årleg med på Haustutstillinga, og i 1931 kjøpte Nasjonalgalleriet inn bronseskulpturen «Gjenta på hesten». I 1938 vann Grimdalen konkurransen om ein viktig del av utsmykkinga ved Oslo Rådhus, og i 1950 fekk ho Kongens fortenestmedalje i gull for desse skulpturane.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS