Best i fylket: 6. klasse ved Flatdal oppvekstsenter er årets fylkesvinnarar for Vestfold- Telemark i Norli-junior sin lesekonkurranse: Bak frå venstre: Olav Opsund Mæland, Trym Laukelid, Signe Dyrland, Kevinas Backauskas, Sondre Edvardsen og Olivier Zysk. Framme frå venstre: Ingrid Bakkemoen Blika, Ingvild Olavsdotter Valhovd, Polina Pestova, Anne Flatland, Anna Lønn Solheim og kontaktlærar Jorunn Hegni.
Tone Tveit
Kvar elev las 8276 sider – og slik blei dei best i fylket
Kvar haust frå 12. september til 9. desember arrangerer Norli junior ei lesetevling, og best av alle skuleklassene i fylket er elevane i 6. klasse i Flatdal. – Neste år skal me bli best i landet, meiner elevane.
Best av 297 skuleklasser i Vestfold og Telemark, og på åttandeplass av alle landets 6. klasser. Det er lov å juble for ein slik prestasjon, og tysdag markerte 6. klasse at dei vann lesekonkurransen med å lage taco og eplekake.
Kontaktlærar for 6. klasse, Jorunn Hegni seier leseforståing og leseevne er noko dei satsar mykje på ved skulen i Flatdal, og meiner Norli sin konkurranse er veldig enkel og fin å fylgje for både barn og vaksne.
– Å vere med i ei tevling gjev god motivasjon, og lesing er jo det viktigaste faget som ein brukar heile tida, seier kontaktlæraren.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP