Robertas Lamsodis har vore kyrkjeorganist sidan 2003, og har kontorplass på kyrkjekontoret i Åmot sentrum. Men hovudarbeidsplassen hans er framfor kyrkjeorgelet.
Robertas Lamsodis har vore kyrkjeorganist sidan 2003, og har kontorplass på kyrkjekontoret i Åmot sentrum. Men hovudarbeidsplassen hans er framfor kyrkjeorgelet.

Kyrkjeorganisten har kammermusikk som hobby

Når Robertas Lamsodis har fri frå organistjobben i Vinje-kyrkja – då spelar han piano. Til veka turnerer han i Telemark med kammermusikkensemblet sitt.

Robertas Lamsodis har musikken i blodet – i alt han gjer.

Sjølv om det var klassisk pianist Lamsodis eigentleg var, tenkte han at det nok skulle gå fint å vera kyrkjemusikar, og søkte jobb som kyrkjeorganist i Vinje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og fint har det absolutt gått. Lamsodis hugsar datoen vel: 15. november 2003 kom han frå Litauen til Vinje, der han hadde takka ja til jobben som musikar i kyrkjene heilt vest i Telemark.

Planen var langsiktig. Lamsodis er etter eige utsegn konservativ i den forstand at når han fyrst har kome til ein stad, vil han helst vera der.

– Jobben i Vinje er den fyrste organistjobben min. Og eg håpar også det blir den siste, smiler Lamsodis.

No arbeider han 65 prosent i Vinje-kyrkja, i Grunge, Vinje og Nesland, og 35 prosent i kyrkjene i Tokke.

Master i orgel

Pianisten Lamsodis skjøna fort at han ynskte seg fagleg påfyll i det nye yrket sitt. Piano og kyrkjeorgel har tangentar, men er likevel ulike instrument. Difor har den musikalske litauaren dei siste åra utdanna seg også innan organistfaget i fødelandet, samtidig som han har vore i arbeid som kyrkjeorganist i Vinje og Tokke. Fyrst ein treårig universitetsgrad, med bachelorkonsert i domkyrkja i Vilnius. Nyleg fullførte han også mastergraden sin.

Tre pluss ein

I løpet av studietida oppstod eit spennande musikarsamarbeid, og denne veka startar kammermusikkensemblet Trio+ turneen sin i Telemark. Då er det både pianisten og organisten Lamsodis som opptrer. Med vokal, fløyte, obo og altså piano og orgel startar ensemblet gjerne konsertane sine med dei eldste musikkstykka på repertoaret, og avsluttar med nyare perler som «Gabriels obo».

Om å kalle ei gruppe på fire musikarar ein trio forklarar han:

– Det er mange årsaker til at Trio+ var eit passande namn. Den eine er at me er tre karar og ei dame. Den andre er at det er sjeldan alle fire spelar samtidig, for me har ei utradisjonell samansetning av instrument som det ikkje finst komposisjonar for. Og den tredje er at dei andre er i 20-åra, medan eg er gamal, smiler Lamsodis, som har passert 50.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fjor haust spela dei to konsertar i Vinje. I år har dei fått til ein endå meir omfattande turné, som startar i Rauland kyrkje onsdag 3. juni. Deretter går turen til Grunge 4. juni, Vest-Telemark museum i Eidsborg 5., Nes kyrkje på Gvarv 6., Fyresdal 7. og tre konsertar på omsorgssentra i Vinje 8. juni, før dei avsluttar på Ulefoss den 9.

– Blir turneen godt motteke, held me gjerne fram med samarbeidet, seier Lamsodis.

Heime i Vinje – og Litauen

Han og familien har funne seg godt til rette i Vinje, der dei no er busett i Smørklepp. Kona er organist i Rauland, og dei to yngste barna på 15 og 10 snakkar litauisk heime og vinjedialekt elles.

– Det er nesten så eg strevar med å forstå dei, smiler Lamsodis, som også har ei eldre dotter busett i Kristiansand.

Det blir naturleg nok mykje helgejobbing for organistparet, men dei har fri dei same helgene, slik at dei kan tilbringe dei saman, anten heime, i Kristiansand eller i feriehuset heime i Litauen.

– Då me flytta frå Litauen synest eg det var greitt å reise derfrå. Men sjølvsagt – dess eldre ein blir, dess meir kjenner ein det i hjartet. Då er det fint å ha ein ferieheim der, avsluttar organisten – klar for ei intens kammermusikkveke rundt omkring i Telemark.