Kurslærar Signe Irene Berg (midten) auser av kunnskapen sin om tægerbinding, og ein del av det dryp på Britt Krokane (t.v.) og Inger Anne Kvernrød frå Oslo.
Kurslærar Signe Irene Berg (midten) auser av kunnskapen sin om tægerbinding, og ein del av det dryp på Britt Krokane (t.v.) og Inger Anne Kvernrød frå Oslo.

Lærer seg raudlista handverk

– Tægerbinding er veldig tidkrevjande. Men så varer det i 200 år, då, seier «tægermeister» Signe Irene Berg.

Dei sit gjerne frå ni om morgonen til halv elleve om kvelden, dei ni deltakarane på sommarkurset i tægerbinding på Raulandsakademiet. Dei veit ikkje heilt kvifor dei blir så hekta, men noko må det vera. Alle sit bøygde over ein bolle, ei korg eller eit fat – alt like forseggjort. Nokre er nybyrjarar, andre har vore her mange somrar før.

– Ein toler å halde på lenge. Når røtene må bløytast, får ein ei lita pause. Det klør i fingrane etter å fortsetje. Materialet er så levande. Ein må liksom underkaste seg det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Orda kjem frå ei av kursdeltakarane. Mangeårig kursleiar og tæger-eldsjel Signe Irene Berg nikkar.

Ekstremt solid

– Dette er eit av dei eldste handverka som finst. Over heile verda har ein sine eigne variantar. Ein har til alle tider og overalt hatt behov for noko å oppbevare og frakte ting i, forklarar Berg.

Og det er her ho legg til at den tidkrevjande prosessen enkelt kan forsvarast ved at dei ferdige produkta fort varer i nokre hundre år.

Line Sigbjørnsen slengte seg med då mora Grete ville på kurs i tægerbinding på Raulandsakademiet. Dei to kjem frå Jæren.
Line Sigbjørnsen slengte seg med då mora Grete ville på kurs i tægerbinding på Raulandsakademiet. Dei to kjem frå Jæren.

Sjølve bindinga er berre ein del av arbeidet. Ein må fyrst ut i naturen og grave etter røtene, før ein må reinske og tørke dei. Så tek bindinga til. Resultatet etter timesvis med arbeid blir solide nyttegjenstandar og kunst på ein gong.

På raudlista

Berg har vore kursleiar i tægerbinding på sommarkursa i Rauland sidan 2001. Dermed gjer ho ein viktig innsats for eit handverk som ikkje mange driv med lenger. Noregs husflidslag har innført ei eiga «raudliste» for utryddingstruga handverk, og mange av lokallaga over heile landet har nettopp tægerbinding på si liste.

Den oppslukte kursgjengen som sit rundt bordet i Vinjesalen vil nok uansett gjera sitt for at ikkje tægerbindingskunsten døyr ut. Dei er alt hekta.