Musikkglede og entusiasme: Lena Øygarden Gaastjønn har hatt ei stor interesse for song og musikk heile livet. Hennar eigen entusiasme låg til grunn for at damekoret Fjellrøyst vart starta i 2017.
Ingrid Byggland
Lena (30) ville eigentleg berre synge, men vart dirigent: – Det gir meg utruleg mykje
Lena Øygarden Gaastjønn frå Øyfjell er dirigent for damekoret Fjellrøyst. Med 30 songglade damer frå fleire delar av Vest-Telemark har koret blitt eit samlingspunkt for musikkglede og fellesskap.
Lena, som nyleg fylte 30 år, har på mange måtar blitt eit kjent namn i lokalmiljøet. Når ho snakkar om Fjellrøyst, er det umogleg å ikkje merke engasjementet som lyser frå ho.
Det heile starta litt tilfeldig. Lena, som budde og studerte i Kristiansand, hadde ikkje planar om å flytte tilbake til Øyfjell med det fyrste. Men så vart ho saman med Anders, som ikkje var spesielt interessert i å bu i by.
– Då slo tanken meg om me skulle flytte heim igjen, seier ho.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP