Svein Dag Midtsund (t.v.), Arne Austjord, Arvid Syftestad, Hans Øyvind Austjord, Leif Roholdt, Tore Midtsund, Tor Borgenvik, Erling Tveiten, Tore Skaug, Edvard Evja, Geir Notodden, Kittil Brenne, Magne Sandland og dirigent Stan Blackburn (fremst) utgjorde mannskoret Ågapet då dei var med på korkvelden på Dalen hotell fredag.
Svein Dag Midtsund (t.v.), Arne Austjord, Arvid Syftestad, Hans Øyvind Austjord, Leif Roholdt, Tore Midtsund, Tor Borgenvik, Erling Tveiten, Tore Skaug, Edvard Evja, Geir Notodden, Kittil Brenne, Magne Sandland og dirigent Stan Blackburn (fremst) utgjorde mannskoret Ågapet då dei var med på korkvelden på Dalen hotell fredag.

Mandige røyster frå Vest-Telemark

Mannskoret Ågapet frå Kviteseid går ein travel sumar i møte. Fredag var dei på Dalen hotell saman med danske korkollegaer.

– Det var eigentleg litt tilfeldig at me kom i kontakt med MandHatten, som koret frå Kolding i Danmark heiter. Fjesboka har skulda, smiler Ågapet-nestor Tore Skaug.

Dei to kora hadde aldri møtt kvarandre før fredag, men eit par øvingar seinare stod dei altså for underhaldninga på gamle ærverdige Dalen hotell.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Plass til fleire

Det har sidan starten i 2002 vore 12–14 medlemer i regionens einaste reine mannskor. I fylgje Skaug er det plass til fleire.

– Me skulle gjerne vore nokre til, så om nokon har lyst til å bruke stemmebanda sine saman med oss er det berre å syngje ut, seier Skaug.

Siste helga i mai skal Ågapet i elden att. Då kjem det blanda koret Hageby til Kviteseid. Dermed er det duka for konsert på Sundvang. Og same helga skal Ågapet syngje på messa i Kviteseid.

Ågapet song saman med det danske mannskoret MandHatter på Dalen hotell fredag.
Ågapet song saman med det danske mannskoret MandHatter på Dalen hotell fredag.

– Bygdetunet opnar i juni og då skal me også vere med. På opningsdagen blir Ole Bloms dagbøker eit sentralt tema. Dermed får dagen eit historisk sus, og me kjem til å bidra med tonar frå same tid. Det var etter måten nokså ville tilstandar i Kviteseid på 1800-talet, ler Skaug.

Ole Blom (1784–1846) var bonde, stortingsmann og den fyrste ordføraren i Kviteseid (1837–1841).

Stramme karar

Det blir også fleire oppgåver for mannskoret utover våren og sommaren, og Skaug set pris på det.

– Me er ein gjeng glade amatørar som driv med dette fordi me synest det er moro. Sjølv om me har litt å gjere i vår, er det ikkje noko i vegen for at me har tid til meir. Så om nokon har bruk for nokre stramme karar, det er vel helst skjorta som er stram, så er det berre å ta kontakt, seier han.

Samsongen med det danske mannskoret var vellukka og båe kora fekk øyredøyvande applaus frå publikum. Kora underheldt også kva for seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Danskane var veldig dyktige. Me er nok litt meir amatørar, men det gjekk vel rimeleg greitt likevel. Det var i alle fall moro at hotellet på Dalen tente på ideen om denne korkvelden, avsluttar Tore Skaug.