Marknaden sikra jolestemninga
Det blei rekordbesøk med 3200 gjester på jolemarknaden på Dyrskuplassen i helga.
Både tobeinte og firebeinte hadde tatt på jolenisselua då den årvisse jolemarknaden blei arrangert i Seljord denne helga.
For mykje er årvisst når ein kjem innom porten og lukta av nysteikte smultringar møter deg. Den søte, freistande frityrlukta. Nei, vent nå litt. Det får bli på heimvegen då ein skal innom både braubakst, joleverkstad og skulestoga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Faklar viser veg til låven, og kanskje møter du ein hest med nisselue på vegen. Innanfor dørene ser ein alt frå det vakraste bunadssylv og heimebaka lefser til tova vottar, keramikk, bøker og glas. Mangt å sjå, og kanskje ei og anna jolegåve fekk bli med i veska heimatt også.
Elevar frå folkehøgskulen er på plass for å ta med på barna på godterifisketur, gje dei kreative andletsmotiv med måling, eller bake eit brett med peparkaker.
Trekkplaster
Inne i andre høgda på fjoset blir scenen gjort klar for gjester, og publikum samlar seg på golvet.
Dei fire ungdommane i Unik 4 har tatt turen frå Bø til Seljord. Dei presenterer både irsk folkemusikk, den gamle sviska «Have you ever seen the rain» frå Creedence Clearwater Revival, heilt nytt materiale som dei aldri har spela for publikum og jolevisa som gjev dei den aller beste jolestemninga: Odd Nordstogas låt frå Jul i Svingen.
Sist, men ikkje minst, kjem låta mange har venta på. Songen Unik 4 vann MGP junior med i 2013, «Så sur da». Då strøymer publikum verkeleg til andrehøgda av fjoset, og på siste del av songen klappar og syng publikum med.
Kjempefornøgd
Nytt av året er mellom anna at arrangørane har flytta utstillarane ut frå fjosringen og ned langs vegen og i området ved Sterke Nils-tunet.
Arrangementsleiar for jolemarknaden på Dyrsku’n, Yvonne Eilefstjønn, er strålande nøgd med helga. Ho fortel om rekordbesøk på jolemarknaden i helga.
– Laurdag var det rekord med 2100 gjester innanfor dørene, sundag kom det 1100 gjester. Det er ei god auke frå i fjor, seier Eilefstjønn.
Artikkelen held fram under annonsen.
Jolemusikk
På veg frå låven får dei yngste seg ein tur på hesteryggen, eller kanskje ein vaffel og litt bålkos.
Fleire gode jolegåveinnkjøp blir sikra, og kanskje ei og anna smaksprøve på vegen. Medan joletonane strøymer frå både korps og kor vender gjestene nasen heimover att, og tar med ein pose nysteikte smultringar på vegen.