Martin Tveito er ein av tre omvisarar ved Åmdals Verk gruver i sommar
Martin Tveito er ein av tre omvisarar ved Åmdals Verk gruver i sommar

Martins fyrste sesong som gruveguide

Martin Tveito (snart 17) har sommarjobb som omvisar ved Åmdals Verk gruver. Han tykkjer historia om gruvene er spennande.

– Eg har hatt sommarjobbar tidlegare, men ikkje her i gruvene, seier Tveito som bur langs Bandak, vest for Lauvik og Bandaksli.

Han fortel at han tidlegare har hatt ansvaret for å klyppe graset på kyrkjegarden i Lårdal og på prestegarden på Dalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Martin starta på Åmdals Verk for ei vekes tid sidan, og så langt er han glad han tok på seg sommarjobben.

– Det blir artig, og eg håpar det kjem mykje folk hit i sommar. Eg har pugga litt av gruvehistoria, og eg blir nok varm i trøya etter kvart. Eg må prøve meg litt fram for det er litt skummelt å guide på engelsk for turistane. Men det går seg nok til etter ei beite, smiler Martin.

Vedlikehald

På stille dagar er det andre ting enn omvising å ta seg til for dei tre som skal jobbe på museet på Åmdals Verk i sommar.

I tillegg til omvising står også vedlikehald på arbeidsplanen til omvisarane. Martin Tveito er i gang med å beise.
I tillegg til omvising står også vedlikehald på arbeidsplanen til omvisarane. Martin Tveito er i gang med å beise.

– I dag har eg beisa den eine veggen ved inngangen til museet. Og me skal også klyppe plenen og gjere anna vedlikehald, i tillegg til omvisingar sjølvsagt, seier han.

Ein time i gruvene

Det er høve for besøkande å vere med på guida tur inn i gruvene, og dei får også omvising i gruvemuseet.

– Ein tur inn i gruvene varer om lag ein time. Me går gjerne inn til smia, og undervegs fortel me om drifta i gruvene opp gjennom åra. Det er ei spennande historie som er knytt til gruvene på Åmdals Verk, fortel Martin.

Han er også godt kjent med gruvene frå før sidan han gjekk på skulen på Åmdals Verk og var med i elevbedrifta Steintøff.

– Då hadde me ein dag i veka som me bruka i museet og gruvene. Me dreiv elevbedrift med sal at vaflar og mykje anna, fortel han.