Særeigen måling: – Eg meiner bestemt at hengeskåpet er måla av den same som har måla kista. Utføringa liknar ikkje målinga til nokon andre målarar her i distriktet, seier Kåre Haugen, som ser det som svært sannsynleg at målaren er Talleiv Tresland.
Kåre Haugen
Meiner han har funne rett rosemålar
Etter å ha leita gjennom bilete av ei stor mengde rosemåla gjenstandar, meiner Kåre Haugen i Flatdal at han har svaret på kven som har måla kista til Ingebjørg Strand i Bø.
For kring tretti år sidan kjøpte Kåre Haugen i Flatdal eit hengeskåp som han seinare selde. Men før han selde skåpet, avfotograferte han det. Biletet av dette skåpet, som var måla i 1826, skulle no koma til nytte. Haugen samanlikna det med målinga på kista til Ingebjørg Strand, og blei overtydd. Målaren var Talleiv Jonsson Tresland (1774–1840). I ættesoga for Seljord er han nemnt som Talleiv Jonsson Klokkarstogo og busett på Nordistogo Tresland i Kivledalen i Seljord. Han er gift med Liv Raamundsdotter Soterud frå Bø. Dei fekk dottera Margit i 1802. Ho blei gift med Daniel Eivindson Kivle (1802–1875). Slekta etter rosemålaren, som ikkje er familien til journalisten (red. mrk.), innehar framleis Nordistogo Tresland.
Detektivarbeid for å identifisere målarar
Kva er det som gjer Kåre Haugen såpass overtydd om at han har funne rette målaren?
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP