I full sving: Fleire par svinga seg til tonane frå Tom Malvin Paulsen og Svein Thorsen. Nærast kamera er to blad Kallåk.

Morgedal Bygdefestival versjon 2.0

Fargeglade vimplar, grøne jorde og glitrande solskin var ramma rundt den andre bygdefestivalen i Morgedal. Alt kring halv fire på ettermiddagen var fleire par ute og svinga seg på det nybygde dansegolvet. Totalt kom det 350 på festen på campingplassen.

Publisert Sist oppdatert

– Me er på plass tidleg, for me måtte jo rekke Tom. Han er jo morgedøl, smiler Hege Kallåk litt andpusten, i det ho forlet dansegolvet saman med Ståle Kallåk.

Tom Malvin Paulsen sjølv er eit einaste stort smil når han kjem av scenen.

– Det er fantastisk å få vere her. Ja, eg ringte, eg, og bad om å få koma. Honoraret hadde ingenting å seie, og det er heilt greitt å spele fyrst, sjølv om det ikkje har kome så mange enno. Eg ønskjer småbedrifter og folk som Thomas (Berstad, red. merk) alt godt. Alt det dei får til, det er inga sjølvfølgje lenger, seier Paulsen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS