Plass til 35: Med dei nye reglane er det nå plass til 35 deltakarar i Seljord kyrkje.
Dag Harald Undheim
Nå blir det plass til fleire i kyrkjene
I samband med nye reglar er det nå plass til 35 deltakarar i kyrkjene både i Seljord og Flatdal.
Fram til 23. februar var det berre lov med ti deltakarar i kyrkjene i Seljord sokn. Nå er dei nye deltakargrensene i Seljord sokn: Seljord kyrkje – 35 deltakarar, Flatdal kyrkje – 30 deltakarar, Åmotsdal kyrkje – 35 deltakarar, Manndal kapell – 21 deltakarar, Nutheim kapell – 15 deltakarar.
– Desse tala gjeld både vanleg messe, eiga dåpsmesse, vigsel og gravferd. Dei som gjer teneste kjem utanom desse tala, informerer Dag Harald Undheim, sokneprest i Seljord.
Det er ikkje lenger naudsynt å melde seg på førehand for å gå til messe. Dei same reglane med omsyn til avstand og hygiene gjeld framleis. Namn på dei som er i kyrkja blir registrerte, og makulerte etter 14 dagar. Overordna gjeld sjølvsagt at dersom du ikkje kjenner deg frisk, er det best å halde seg heime.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP