Barnehagebarna Theo, Åni, Oliver, Sudeysi, Torjus, Johannes, Ahmad, Sverre, Tuva, Sondre, Magnus, Jenni, Jonah og Emil (tilfeldig rekkjefylgje)  i avdelingane reve- og bjønnehiet på Dalen fekk høyre om høna Perlegrå og Johannes som hadde dilla på spor, då Tokke-ordførar Jarand Felland las høgt for dei. Opplegget var ein del av bibliotekveka.

– Nei, det er ein hane for han har så lange fjør

Det meinte 4- og 5-åringane i barnehageavdelingane reve- og bjønnehiet på Dalen då Tokke-ordføraren las høgt frå boka om høna Perlegrå.

– Kva er ei ugle, ville ordførar Jarand Felland vite.

– Det er eit dyr, svara barnehagebarna.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men kva gjer ugla då, undra Felland.

– Ho ular og er oppe om natta, fekk han til svar.

I samband med bibliotekveka blei alle ordførarane i fylket invitert til å lese høgt for barnehagebarn i sine respektive kommunar. På Dalen hadde ordføraren valt ut to bøker som han ville lese frå. Nemleg «Ei lita høne som heitte Perlegrå» og «Johannes i sporet. Hysj, hysj.»

Barnehagebarna fekk i oppgåve å teikne Tokke-ordføraren. Her er originalen.
Barnehagebarna fekk i oppgåve å teikne Tokke-ordføraren. Her er originalen.
Sondre har teikna ordføraren slik han såg han.
Sondre har teikna ordføraren slik han såg han.
Det er tydeleg at Johannes har fått med seg vesentlege trekk hjå ordføraren.
Det er tydeleg at Johannes har fått med seg vesentlege trekk hjå ordføraren.
Ikkje vanskeleg å sjå på denne teikninga at krøllane til Felland blei lagt merke til.
Ikkje vanskeleg å sjå på denne teikninga at krøllane til Felland blei lagt merke til.

Bibliotekveke for andre året

– Bibliotekveka blei fyrste gong arrangert i fjor. Det er fleire arrangement gjennom veka, seier bibliotekar Bodil Otterholt.

Men før Tokke-ordførar Jarand Felland byrja å lese for borna, fortalte han kva ein ordførar er og gjer. Han sa også litt om ordførakjedet som har ein svart bjørn på gul bakgrunn som hovudmotiv, i tillegg er det mellom anna ei ugle å finne på kjedet. Derav spørsmålet om ugla.

Barna har svaret

Boka om Perlegrå handla mellom anna om at høna, som barna meinte var hane på grunn av dei lange fjørene, klemte foten sin i dynni. Då stelte grannedyra fint med høna, og gav ho mat og omsorg.

– Kva får de viss de treng trøyst, spurde ordføraren.

– Ostesmørbrød, svara eit av barna kontant.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Perlegrå fekk trøyst av budeia også, og ho gav høna eit kyss, las Felland til latter og fnis frå barna.

– Men kva er ei budeie då, undra han.

– Ei dame, var svaret.

Syltetøy og villsvin

Den andre bok handla om Johannes og leitinga hans etter spor av ymse slag. Han fann spor etter dyr, menneske og sykkel. Og jammen fann han syltetøyspor på kjøkkenbenken også.

– Kven trur de har laga syltetøyspora, ville Felland vite før han avslørte at svaret var veslesystera til Johannes.

– Eit villsvin, svara barna.

– Johannes drøymde om at han fann bjørnespor, las ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har ein film som det er bjørn i, og så blei mammaen død fordi det rasa på ho, kom det kjapt frå eit av barna.

Etter at høgtlesinga var over, fekk barna i oppgåve å teikne ordføraren. Men før det ville me høyra kva dei meinte om høgtlesinga.

– Han var flink til å lese, men det var ikkje så tøft å høyre på, var barna samde om.