Mari Tveiti
Neste veke opnar Vinjesenteret
Nynorsk kultursentrum er klare med den første kulturinstitusjonen i Noreg som har ei fagleg tilnærming til både journalistikk og dikting. Den offisielle opninga av Vinjesenteret vert fredag 27. august.
– På Vinjesenteret kan du fordjupe deg i saksfelt som er sjeldan kost på andre museum. Utstillinga gir publikum analysar og leseopplevingar av romanar og noveller, og dessutan eit grundig innblikk i kva skjønnlitteratur og journalistikk tyder for samfunnet, seier Gaute Øvereng, fungerande direktør for Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.
Senteret ligg på fødestaden til Aasmund Olavsson Vinje i Vestfold og Telemark. Både grenda Vinje og Vinje kommune har lange røter i nasjonalt relevant litteraturhistorie og skriftkultur. Utstillinga i senteret tek utgangspunkt i arva etter Aasmund Olavsson Vinje, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas, men famnar om forfattarar og journalistar frå heile landet.
Rom for tolking og refleksjon
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP