Fine produkt: Desse ringane vart laga av ein åttandeklassing på førre sylvsmedkurs. Foto: privat
No kan ungdommane få lage seg sylvsmykke, heilt gratis
I samarbeid med kulturskulen inviterer Telemarksylv til to helgekurs i for ungdom i februar.
Det eine kurset går over to helger, til saman 28 timar. «Ønskjer du å lage noko fint til konfirmasjonen din?» spør arrangørane i invitasjonen til kurset, under eit bilete av ein kreativ halsring. Det er tydeleg at ein her kan ha moglegheit for å prøve seg på noko i retning bunadsylv. Det andre kurset varar ei helg, 14 timar, og også her kan ein lage seg fine sylvsmykke.
Kulturskulen hadde også sylvsmedkurs i fjor, og ein av dei ni heldige som fekk plass då var Julie Hegnastykket Dokken.
– Det var moro, og me lærte mykje, til dømes om verktøya sylvsmeden bruker, fortalde Julie til VTB etter kurset. Ho går også på sang og fele i kulturskulen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP