No skal Hilde drive bokhandel i både Seljord og Bø
Hilde Hagen-Nielsen i Vest-Telemark Bok og Papir overtek bokhandelen på Bø-senteret.
Notabene-kjeda har gått konkurs, men filialen på Bø-senteret held fram med ny eigar og ny kjede, melderlokalavisa Bø blad.
Hagen-Nielsen har drive bokhandel på Telesenteret sidan 2013,frå september som ein del av Norli-kjeda. Ho blei kontakta av Norli med spørsmål om å ta over på Bø-senteret. Det sa ho ja til med ein gong.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette trur eg blir kjempebra. Eg trur me kan få synergieffektar ut av dei to bokhandlane. Me er gode på noko i Seljord, og dei i Bø er gode på andre ting, seier seljordingen.
Hagen-Nielsen overtek bokhandelen i Bø måndag. Alle dei fire tilsette i Bø blir med vidare, melder lokalavisa i Bø.