Opna med rock – avslutta med Nilsen
Torsdag kveld inviterte Vinje kulturskule til den årlege vårkonserten i ein fullsett festsal på Vinjehuset.
Det var eit forventningsfult publikum som fekk med seg ein kulturkveld med høg kunstnarisk kvalitet frå over 100 elevar i aksjon.
– Det var trykk frå fyrste innslag, då ein rocka medley av AC/DC, Wolfmother og Joan Jett starta det heile før kulturskuleelevane vidare framførte filmmusikk, blues og folkemusikk. Elevane fekk vist kva dei har lært og øvd på dei siste månadene, fortel rektor i kulturskulen i Vinje, Anders Blystad.
Artikkelen held fram under annonsen.
Samspel er høgt prioritert i kulturskulen i Vinje og alle fekk lov til å prøve seg anten dei spelar tre eller femten grep.
Kvelden blei leda av tre dyktige konferansierar frå teatergruppa. Med humor og friske kommentarar presenterte dei det eine innslaget etter det andre.
Som avslutning av kvelden framførte alle elevane og lærarane songen «Tanta til Beate» av Lillebjørn Nilsen.