Opnar butikk for å vise seg fram
Øyfjell sag og høvleri merkar godt at kundane blir stadig meir opptekne av kvalitet framfor pris. No opnar familiebedrifta butikk – midt i Straumekrysset.
– Det har nok nådd eit punkt no. Eitt eller anna har skjedd. Prisen er ikkje lenger det fyrste kundane spør etter. Dei er lei av dårleg kvalitet, og forstår at god kvalitet er verdt noko, seier Tor Eivind Øygarden i familiebedrifta Øyfjell sag og høvleri.
Der er det handverket som gjeld, frå tømmerstadiet til panelen er på veggen. Dei sagar, turkar og høvlar materialet sjølve. Handhøvla tømmerpanel er ein av spesialitetane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me sorterer stokkane etter kva dei passar å bli bruka til. Kvar stokk og kvart bord blir sett på, forsikrar han.
Butikken «Støyperiet»
Familien Øygarden har aldri hatt så mykje å gjera som dei har no, og er glade for at folk vel lokalprodusert når dei byggjer seg hytter og hus. Mange stoppar ved lokala deira i Straumekrysset, og no håpar dei at den nye butikken og visningslokalet «Støyperiet» skal bli ein stoppestad for turistar på veg til Rauland. Vegane frå Høydalsmo, Flatdal og Rauland møtest i det litt aude krysset, som etter kvart ikkje er så aude lenger.
I butikken skal dei vise fram ulike typar panel, golv, listar og teknikkar, og selje stort og smått som folk har bruk for – og ikkje bruk for. Handsmidde krokar frå Øyfjell og rosemåla mobildeksel – sjølvsagt måla i Øyfjell – blir noko av det som er å finne.
1. april opnar butikken, og både Tor Eivind, mora Anne Lise gler seg til opningsarrangementet – sjølv om dei har mykje å gjera før den tid. Heldigvis er familien god til å samarbeide. Alle er i sving i verksemda.
– Me er ei ordentleg familiebedrift, ja. Det er ikkje så mykje prat om vêr og vind og laust og fast når me har fri – det går helst i neste oppdrag, smiler Tor Eivind.