Opnar heimen til Halldis og Tarjei
Heime på Midtbø sat Tarjei Vesaas på ein kubbestol og skreiv verdslitteratur. Guri og Olav Vesaas vil i sommar vise publikum staden der foreldra levde og skreiv.
«Velkomen!»
Guri og Olav Vesaas kjem ut på trammen i den okergule barndomsheimen i Særensgrend, Vinje, der dei voks opp med foreldra Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas. Sjølv om både Guri og Olav har budd i Oslo heile sine vaksne liv, har Midtbø jamt vore viktig. Både som skrivestad og feriestad for dei to og familiane.
Artikkelen held fram under annonsen.
I sommar opnar dei diktarheimen for publikum, og skal sjølve vera omvisarar saman med Olavs dotter Hilde. Mange lesarar har gjennom åra ynskt å koma til staden der Halldis og Tarjei levde og skreiv frå 1934 og livet ut.
Lyden av far
Dei tre etterkomarane skal i heile sommar vise gjestene den vårgrøne stova som Tarjei fargela med måling blanda saman i eit vaskevassfat. Dei skal vise fram det ljose og luftige skriverommet som kom på plass for Halldis utpå 50-talet. Og folk skal få sjå det vesle rommet der Tarjei Vesaas sat på ein kubbestol og skreiv verdslitteratur.
Guri Vesaas peikar på døra i andre enden av skriverommet til faren.
– Der var barnerommet vårt, rett innanfor. Eg minnest eg låg der og høyrde korleis det dura i vedomnen her inne tidleg om morgonen, lyden av at far skreiv på skrivemaskina med to, av og til tre fingrar, og korleis han sat og mulla. Eg ser for meg at han sat og smaka på setningane sine før han skreiv dei ned, skildrar Guri.
Ein heilt spesiell diktarheim
Kvar dag frå og med fyrstkomande sundag og fram til 7. august skal diktarheimen vera open for publikum, med faste tider for omvising. I år driv familien tilbodet i privat regi som ei prøveordning, men planen er å få til eit samarbeid med Vinje kommune for framtida, gjerne i tilknyting til det komande Vinje-senteret. Samstundes som familien Vesaas skal halde fram med å eige og bruke garden.
– Ein skal leite lenge før ein finn to diktarar under same tak som har sett slike spor i norsk litteratur og kulturliv. Me vil opne heimen for å minne folk om dei to, og om å bruke det dei skreiv, seier Olav.
– Det er på tide å innsjå at me ikkje varer evig. Me ynskjer for framtida at staden skal bli halden slik som han var då mor og far levde. At det blir vidareført, seier Guri.
«Eg vart reint hugteken …»
Tarjei, som var odelsgut på Vesås i Bøgrend, kjøpte Midtbø i 1930 av onkelen sin Øystein Vesaas.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det var eit tydeleg signal om at han ikkje ville overta odelsgarden. Familien blei nok overraska då – dei snakka ikkje så mykje om slikt på Vesås – men dei skjøna at det var skrive han ville og måtte. Tarjei var evig takksam mot foreldra over at dei ikkje klandra han for dette valet, fortel Olav.
Halldis Moren og Tarjei Vesaas gifta seg i 1934 og flytta saman på Midtbø. Den fyrste kontakten mellom dei to var eit brev Tarjei sendte då 22 år gamle Halldis frå Trysil hadde gjeve ut den fyrste diktsamlinga si, «Harpe og dolk». Det var uvanleg at kvinner gav ut dikt, og særleg så unge kvinner – dessutan skreiv Halldis frimodig om kjærleik, jamvel fysisk kjærleik.
«Eg vart reint hugteken av Dykkar unge song», skreiv Tarjei til henne etter å ha lese «Harpe og dolk».
Litt etter møttest dei i Oslo på initiativ frå Tarjeis ven og forfattarkollega Mikkjel Fønhus. Han arrangerte eit møte mellom dei tre – men fordufta sjølv. Tarjei tok med Halldis på Theatercafeen og spanderte middag. Det blei starten på eit livslangt ekteskap.
Annleis enn hos andre
Året etter giftemålet i 1934 kom Olav til, og i 1939 blei Guri fødd.
– Me oppdaga tidleg at dagleglivet var annleis hos oss enn på dei andre gardane. Som at mor og far ikkje dreiv med vanleg arbeid. Og me trong aldri hjelpe til i slåtten, minnest Guri.
Ein gong Olav og jamaldringane var samla, kom dei til å skryte av alt fedrane deira kunne gjera.
«Og far din gjer då ingenting – han slit ut buksefoe frå innsida», var det ein som sa til Olav. Forfattarsonen måtte då ty til knyttnevane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I «brukarstoga» budde familien som forpakta jorda. Faren der i huset var barnekjær, glad i å «rø» og visste det meste om kva som rørte seg i bygda. Me ungane sat ofte der og høyrde på «røune» når det vart for stilt heime, smiler Guri.
Mange historier å fortelje
Guri og Olav Vesaas har mykje å fortelje om foreldra. Om at Tarjei røykte den fyrste og siste sigaretten i heile sitt liv på det fyrste stevnemøtet med Halldis. Dei kan fortelje om korleis Halldis i ein skulestil på lærarskulen spådde ei lysande litterær karriere for Tarjei Vesaas, etter å ha lese andreboka hans «Sendemann Huskuld» (1924). Og Guri fortel at mora som 17-åring ein gong «leika» at Tarjei var ektemannen hennar då ho dekte på til eit middagsselskap heime i Trysil.
No gler sonen og dottera seg til å ta imot litteratur- og historieinteresserte gjester i barndomsheimen, og fortelje om foreldra og staden.
– Det er godt å vera her. Me er opptekne at av folk skal skjøne at det må takast vare på, seier Olav.
Tarjei Vesaas
1898 – 1970
Frå Vinje
«Tarjei Vesaas var ein av dei viktigaste forfattarane i Norden i det 20. hundreåret. Han skreiv både forteljande prosa, lyrikk og dramatikk og er omsett til mange språk. Også utanfor Norden vert han rekna som ein stor forfattar.» – Allkunne.no
Har skrive mellom anna «Det store spelet» (1934), Kimen (1940), Huset i mørkret (1945), Fuglane (1957), Brannen (1961) og Is-slottet (1963).
Artikkelen held fram under annonsen.
I 1964 fekk han Nordisk Råds litteraturpris.
Halldis Moren Vesaas
1907 – 1995
Frå Trysil, dotter av forfattar og bonde Sven Moren.
«Halldis Moren Vesaas, lyrikar og gjendiktar, var ein av dei mest lesne, mest siterte og mest folkekjære forfattarane i norsk lyrikk sidan Wergeland og Bjørnson.» – Allkunne.no
Har mellom anna skrive diktsamlingane «Harpe og dolk» (1929), «Lykkelege hender» (1936), «Tung tids tale» (1945) og «I ein annan skog» (1955). Skreiv også prosabøker og gjendikta klassiske fransk og engelsk dramatikk i bunden form.
Ho fekk mange prisar for forfattarskapen sin.
Olav Vesaas
f. 1935
NRK-journalist, forfattar, språk- og forlagsmann.
Artikkelen held fram under annonsen.
Har skrive store biografiar om båe foreldra: «Løynde land – ei bok om Tarjei Vesaas» og «Å vera i livet – ei bok om Halldis Moren Vesaas». Har dessutan skrive biografien «A. O. Vinje – ein tankens hærmann» og ei bok om Telemark – saman med fotografen Johan Brun: «Telemark – dikt og draum».
Guri Vesaas
f. 1939
Forlagsredaktør i Samlaget.
«Med gode hjelparar, men mest av eiga kraft, fornya Guri Vesaas den nynorske barneboktradisjonen frå 1970-åra og utetter, og ho blei den fremste barnebokforleggjaren i landet.» – Allkunne.no
Har fått mykje heider for arbeidet sitt med barne- og ungdomslitteratur og nynorsk språk.