Hjelpte ordføraren med å klippe snora: Magnhild Mostøyl (f.v.), Rannei Vinjerui, Emilia Utistog, Olav Utistog (midten), Jarand Felland, Augond Mostøyl og Svein Olai Austjore.

Opning av ny volleyballbane og bryggjeanlegg i Byrte

På sankthansaftan var det duka for opning av den nye volleyballbanen og bryggjeanlegget på stranda i Byrte. Med vêret på sin side og servering av kake og is var stemninga på topp.

Publisert Sist oppdatert

Etter å ha fått 189 000 kroner frå DNB Sparebank Stiftelsen, har Byrte grendelag, gjennom sterk dugnadsånd og pågangsmot fått på plass ein ny volleyballbane og flytebryggje.

– Det som er så fint med det nye bryggjeanlegget er at båtane kan liggje til kai utan å bli øydelagde. Bryggja er bygd slik at den heile tida fylgjer vasstanden, som gjer at båtane til ein kvar tid ligg på vatnet, seier leiar i Byrte grendelag, Tommy Vadder.

Vadder har trua på at den nye volleyballbanen kan trekkje folk til stranda, og at det kan vere ein fin stad for unge og vaksne å vere.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS