Opningstidene på Tokke bibliotek utvidast
Biblioteket på Dalen har no utvida opningstidene og vil vere meir tilgjengeleg.
Etter eit møte i mai kom det fram eit ynskje om at biblioteket på Dalen burde utvide opningstidene. Det synest politikarane i Tokke var ein god idé.
Bra for alle partar
Borna i Tokke er blant dei mest leselystne i landet. Det beviste dei då dei vann konkurransen sommarles med ei deltaking på 95 prosent. Biblioteket har i den samanheng blitt ein populær stad for dei yngre. På opninga av det meirope biblioteket stod 4.-klassingane på Dalen for underhaldninga då dei var med på å sette den gode stemninga med dans for dei frammøtte. Ordførar i Tokke, Jarand Felland, var òg med på den offisielle opninga, og sa at det er bra at det satsast på eit meirope bibliotek.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Med dette opnar me opp for å gjere dette flotte bruksarealet endå meir tilgjengeleg. Det er ein moglegheit til å vere meir fri til å låne seg bøker. I mine augo er det ein vinn-vinn for alle partar, sa Felland til dei frammøtte.
Biblioteksjef Benedikte Nes var tydeleg fornøgd med at det satsast på biblioteket.
– Dette blir fyrste gong me kan ha ope biblioteket i romjola. Dette byrjar å likne på ein jolefilm der alt ordnar seg til slutt, sa Nes tydeleg fornøgd.
Nytt system
Biblioteket på Dalen vil no vere ope frå klokka 8 til klokka 20 på kvardagar i motsetting til tidlegare då det har vore ope frå 10 til 19 på kvardagar. På laurdagar vil no biblioteket vere ubemanna. Det let seg gjere med det nye systemet biblioteket har fått.
– Så lenge ein har eit utleigekort gjer det nye utleigesystemet det mogleg å leige bøker utan at nokon tilsette er til stades. Overvakingskamera som er her vil fungere som ein tryggleik på at alt går i orden.
Filialen i Høydalsmo vil framleis vere open på tysdagar, men det utelukkast ikkje at det tilbodet òg moglegvis kan utvidast.
– Me skal vere på i åra framover, seier biblioteksjefen bestemt.
Nes meiner det er tiltak som dette som kan vere med på å gjere Tokke til ein attraktiv kommune.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me ynskjer å skape det vesle ekstra som gjer at folk vil bu her i Tokke, seier ho.