Ottar til topps for fjerde gong
Ottar Kåsa frå Arabygdi vann laurdag hardingfele klasse A på Landskappleiken i Vågå.
Kåsa fekk 90 poeng og gjekk til topps på Landskappleiken for fjerde gong i hardingfele klasse A. Det skilde eitt poeng til Lars Ingar Meyer Fjeld, Spelemannslaget Vårlengt, på andreplass. Sivert Andreas Holmen, Vårflaumen Spel- og dansarlag, kom på tredjeplass med 88 poeng.
Ottar Kåsa representerer Falkeriset Folkemusikklag. Han vann også A-klassa i Seljord (2011), Otta (2012) og på Fagernes i fjor.