Gunstein Seltveit får ein god klem av ordførar Hilde Alice Våglsid etter han har fått vite at han i år er mottakar av kulturprisen i Tokke kommune. Vågslid og kultursjef i Tokke, Rune Aarhus overraska prisvinnaren utanfor Skafså Grendehus.
Gunstein Seltveit får ein god klem av ordførar Hilde Alice Våglsid etter han har fått vite at han i år er mottakar av kulturprisen i Tokke kommune. Vågslid og kultursjef i Tokke, Rune Aarhus overraska prisvinnaren utanfor Skafså Grendehus.

Overraska Gunstein med kulturpris

Gunstein Seltveit trudde han skulle på eit møte om nyklar. I staden dukka ordførar og kulturkonsulent opp med Tokke kommunes kulturpris.

– Nei, dette var overraskande, utbryt Gunstein Seltveit.

Ordførar i Tokke, Hilde Alice Vågslid, og kultur- og idrettskonsulent Rune Aarhus hadde kalla inn Seltveit til møte tysdag, noko som førte til at den ferske kulturprisvinnaren frykta det verste.

Artikkelen held fram under annonsen.

– De sa jo det var eit møte om nyklar, så eg tok med meg alle knippa eg hadde. Eg skjøna ikkje heilt kvifor, men eg frykta det verste og tenkte at «no stengjer dei grendehusa». Men dette var veldig artig, seier ein smått fortumla Seltveit.

Det var under eit møte i juni at utviklingutvalet vedtok at kulturprisen i Tokke i år skulle gå til Seltveit. Heile grunngjevinga er enno ikkje offentleggjort, men Aarhus kan likevel røpe nokre av faktorane som har spela inn.

– Engasjementet ditt for fjellkyrkja, samt at du skipa til «Nysgjerrigper-ordninga» spela nok inn, seier han.

Erfaren undervisar

Seltveit har i mange år undervist barn og unge. Han har vore blant anna vore konfirmantleiar heilt sidan han var i tenåra. Det var planlagd at prisen skulle delast ut førre veke, men då var prisvinnaren oppteken – han var nemleg på konfirmantleir i Stokke i Vestfold.

I tillegg til engasjementet sitt for konfirmantane, har Gunstein fleire år bak seg som lærar og rektor. Ekstra artig var det difor at ein av hans tidlegare elevar fekk gje han nyheita om kulturprisen.

– Eg hadde jo deg som engelsklærar, eg, Gunstein, seier Vågslid.

– Eg minnes du alltid hadde ein naturleg respekt blant elevane. Me høyrde alltid på det du hadde å seie. I tillegg var du alltid rettferdig, held ho fram.

– Ja, eg hugsar deg som elev. Og eg meiner eg gav deg ein S i engelsk til og med, humrar Seltveit til svar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølve utdelinga av kulturprisen går føre seg 2. august på Grimdalstunet.