Positiv vekst for kunstforeininga, men behov for rekruttering
Seljord kunstforening ser tilbake på eit vellukka 2024, med både høge besøkstal og solid medlemsvekst. Samstundes møter styret ei utfordring i å rekruttere fleire yngre medlemmer til å ta på seg ansvar i organisasjonen.
– Besøkstala på sommarutstillinga dei siste åra har vore imponerande, og utstillinga står framleis sterkt som eit viktig kulturelt tilbod i Vest-Telemark, utstillinga trekker også mykje turistar og folk kjem frå heile landet, seier styreleiar Ola Mo.
Det nye samarbeidet «Kunstreise Seljord» har vore ein suksess. Samla marknadsføring og felles billettar mellom Nutheim Kunstsenter, Eva Bull Holte og Sommarutstillinga bidrog til gode besøkstal i sommar, opplyser styreleiaren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Takka vera rause og gode støttespelarar har kunstlåven blitt oppgradert og halde ved like for over 1,7 millionar kroner dei siste to åra.
– Eit fantastisk og naudsynt arbeid er gjort for å sikre kunstlåven som arena for kulturelle aktivitetar og kunstutstillingar i mange år til, seier Mo.
Han fortel at arbeidet for å sikre bygget for framtida er langt på veg, men at det framleis er ein del arbeid att for at huset kan brukast heile året om ein ynskjer det. Då er det estimert at det står att investeringar på om lag 1,5–2 millionar kroner.
– Kunstlåven som utstillingsarena er formidabel, understrekar Mo, og seier at tusenvis av dugnadstimar har gått med til å gjere om låven til utstillingslokale, sidan kunstforeininga overtok den på åttitalet.
Styreleiaren legg til at grunnlaget er godt for at Seljord kunstforening kan eksistere, og at det er mykje interesse og mykje positivitet frå publikum. Han trekker også fram viktigheita av at barn og unge har tilgang på kunst.
– Å tilby alle barn og unge i kommunen eit formidlingsopplegg rundt sommarutstillinga der dei kan bli introdusert for det å gå på kunstutstilling er viktig. Det er viktig at også unge i distriktet får høve til å bli introdusert for kunst og det å gå på utstilling og at dette ikkje berre er ein aktivitet for barn i urbane strøk.
Kunstforeininga hadde også ein stor auke i medlemskap i fjor, og fekk over 50 nye medlemmar.
Rekrutteringsutfordring
Sjølv om kunstforeininga har hatt stor suksess, står styret overfor ei utfordring. Det å rekruttere fleire til å ta på seg ansvar eller verv i organisasjonen, har vist seg å vera vanskeleg.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me jobbar også hardt om dagen med å få fleire av dei yngre generasjonane i regionen til å ville engasjere seg i styre og foreininga. Det å starte med eit styreverv i ei kunstforeining er god læring om ein ikkje har sete i eit styre før, understrekar Mo
Tre av sju plassar er no ledige i styret, og målet er å fylle desse på årsmøtet 28. februar.
Mo fortel at fire av fem held fram i styret til neste år, der den femte blir vara.
– Det vil eg tru betyr at dei som har engasjert seg trivst i dette, seier han.
Han legg til at alt er på plass organisatorisk, og det er godt tilrettelagt for dei som ynskjer å engasjere seg og bidra.
Mo, som blir sitjande som styreleiar, understrekar kor viktig det er å få fleire til å bidra til det vidare arbeidet.
– Ein kan ikkje lene seg på dei gamle for alltid. Kunnskapen må gå i arv.
Med fleire ein kan spele på, blir også arbeidet enklare og meir moro, meiner han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Styreleiaren understrekar at alder ikkje har noko å seie, så lenge ein er motivert og har lyst til å bidra med noko eller sitje i styret.
– Om ein ikkje har mykje kunnskap om kunst frå før men ser verdien av formålet med foreininga er det betre enn godt nok for å bli med på laget. Og om ein er meir nysgjerrig på korleis det formelle og praktiske rundt det å sitje i eit styre er, er dette ein fin arena for å bli introdusert til det også, seier han.
Han legg til at utgangspunktet for å halde liv i laget no er godt, for det er stor interesse hos publikum og potensial for å vidareutvikle kunstlåven. Men det krev at det finst krefter som vil sitje styret eller som ynskjer å engasjere seg på andre måtar.
– Me er ei lita foreining, så arbeidet er ikkje så omfattande. Og det er meir sosialt om me er fleire. Saman set me mål og ambisjonar. Når ein er fleire kan ein fordele oppgåver og produktet kan bli enda betre, seier han.
Bur i Oslo, engasjert i heimbygda
Mo er frå Seljord, men bur i Oslo. Det er inga hindring for eit verv i heimbygda, meiner han.
– Det meste styrearbeidet skjer digitalt, og utover ei helg eller to i året med riggedugnad og opning er det ikkje så mykje som krev at ein er fysisk til stades med mindre ein ynskjer å engasjere seg meir i sjølve Kunstlåven.
Han håpar fleire vil vere med på laget.
– Om nokon er litt interesserte, må dei ikkje vera redde for å ta kontakt med meg eller leiar i valnemnda, Ingeborg Nenseter Jensen, oppmodar han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Arbeidet er svært meiningsfylt, meiner Mo.
– Ein må vere litt idealistisk, og tru på at det ein gjer har ein verdi. At tida ein legg i det bidrar til fellesskapet. Det kan vere ei god kjensle, seier han.