Heimemiljøet: –Språkrikdomen er så stor i slike miljø som Jørgen Tjønnstaul vaks opp i. Me må ikkje gløyme tankeliv og draumar i heimemiljøet, påpeika Knut Buen. På storskjermen eit ungdomsbilete av Jørgen Tjønnstaul. Til høgre på scena: Torgeir Straand.
Anne Sofie Tresland
Replikkunstnaren som sjeldan lo
Gjennom åra har svært mange humra og ledd av soger om, og replikkar av, spelemannen Jørgen Tjønnstaul. Ordkunstnaren sjølv lo lite, skal me tru Knut Buen.
– Han lo nesten aldri. Og i alle fall ikkje av det han sjølv fortalde, slo spelemannen frå Tuddal, Knut Buen, fast.
Dette sa han til dei nær hundre frammøtte i Vrådalssalen på Straand hotell sist helg. Dermed fekk publikum litt å tenkje på; på forteljarkunst og språkrikdom, og om det er sant som den danske filosofen Frithiof Brandt skal ha sagt at den viktigaste funksjonen låtten har er å koma gråten i forkjøpet. Og kanskje tenkte dei litt på kva det er med historiene som ein mannsalder etter Tjønnstaulens død lever vidare på folkemunne i alle slag lystige lag.
Ein av dei som møtte fram på tilskipinga i Vrådal var Olav Gøytil frå Seljord. Han synest at Jørgen Tjønnstaul var ein suveren forteljar. Sjølv kan han mange av sogene.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP