Bodil Nordjore lanserar ny bok om kjøtsupper frå heile Noreg.
Bodil Nordjore lanserar ny bok om kjøtsupper frå heile Noreg.

Samlar suppe-Noreg i bokform

Bodil Nordjore har gjeve ut si niande bok på ti år. No er det kjøtsuppa den travle mathistorikaren har via merksemda til.

Ho har farta land og strand for å rø med folk, og for å få tak i dei inste løyndomane i dei lokale mattradisjonane. Slikt blir det bok av. Bodil Nordjore har valt å namngje boka si: Gryta hennar mor.

«Å vakne ein sundagsmorgon, når kjøtsuppelukte smyg seg som mjuke skyer over heile huset, er eit minne frå barndomen som fylgjer meg heile livet», skriv Bodil i innleiinga. Så der ligg forklaringa til boktittelen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil gjere maten tilgjengeleg

Det er ei staseleg bok på over 400 sider ho gjev ut denne gongen. For den førre boka, Lefseboka, fekk ho prisen for den beste norske kokeboka i 2014. Ikkje verst i konkurranse med over 30 utgjevne bøker. Boka kjem ut på eige forlag.

– Kva er hovudbodskapen din med denne boka?

– Eg ynskjer å gjere norsk matkultur og norske mattradisjonar tilgjengelege for folk flest. Det skal vere enkelt å lage mat. Alle klarer å lage kjøtsuppe. I tillegg ynskjer eg å dokumentere alle dei ymse variantane av kjøtsupper ein finn over det ganske land, smiler Nordjore.

Boka inneheld oppskrifter på kjøtsupper.
Boka inneheld oppskrifter på kjøtsupper.

Innvigd i løyndomane

Ho blir rørt når ho snakkar om alle personane ho har møtt i jakta på oppskriftene. Gleda over å dele små matløyndomar er stor og gjevande.

– Eg er heldig som sit inne med mykje kunnskap, men eg er også umåteleg heldig som får ta del i matkultur med detaljar som har vore tradisjonar i langsamelege tider. Dei delar dei inste løyndomane med meg, og eg får lov til å avsløre dei, ivrar ho.

Nordjore meiner at dersom du får tak i ein kjøtknoke og nokre grønsaker så har du det du treng for å lage ei god kjøtsuppe. Ho legg til at dei fleste daglegvareforretningane har det ein treng.

– Du får tak i både ferske og salte knokar. Fryste norske grønsaker er også både næringsrike og gode på smak. Litt krydder då så har du det du treng. Det er berre å hive seg rundt og prøve, oppmodar ho.

Rik på tradisjonar og næring

Boka inneheld også mykje historisk informasjon, alt frå eldstad til kva ein skal servere suppa i. Nordjorde omtalar også suppemåltidet som ein sosial møtestad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er det utbreidd med kjøtsuppe i dei norske heimane i dag?

– Eg vil nok seie at suppa har blitt litt borte. Men suppekulturen har lange tradisjonar og lever i beste velgåande. Eg er hundre prosent sikker på at alle har eit forhold til ho, svarar ho.

Suppe er tradisjonsmat, og det er noko folk er opptekne av i dag. Nordjore har derfor stor tru på at kjøtsuppa får sin renessanse.

– Folk er opptekne av såkalla rein mat, og dei er i stor grad medvitne på kva dei fører i seg. Kokar du kjøtsuppe får du i deg sunne vitaminar. I tillegg er det etter måten rimeleg å lage, og du kan ha mat i dagevis om du kokar ein stor kjele, smiler ho.

– Kjøtsuppa er altså sunn?

– Eg seier at suppa er midjefremjande. Får du i deg grønsaker og kraft så held du fasongen. Og du slepp dei raske karbohydrata, svarar ho.

Suppemangfald

Boka inneheld svært mange oppskrifter, og Nordjore meiner det er vrient å velje ut nokon spesielle.

– Det er eit stort mangfald når det gjeld kjøtsupper. Både når det kjem til type kjøt, type grønsaker og type tilbehør som blir bruka. Skal eg trekkje fram ei suppe som skil seg ut, og som kanskje har ein litt annan status enn dei andre, må eg vel seie trøndersodd, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Boka blir lansert 3. oktober.