Spelkveld: Kulturhuset på Dalen vil framover vera vertskap for vekentlege spelkveldar med kortspelet Magic: the Gathering. Denne helga vart det spela for fyrste gong på biblioteket, både fredag og sundag. Odin Wigdahl (ryggen til), Aanund Nes Hauer, Olav Prestegard Felland, Rannei Eidsvik Normann og Kristina Naustdal.
Benedikte Nes
Satsar på vekentleg spelkveld
Biblioteket på Dalen var i helga vertskap for kortspelet Magic: The Gathering. – Det var veldig artig, dei som kom var utruleg ivrige, seier arrangør Frans van Dinther
Van Dinther er saman med Tom Erik Homme initiativtakar til spelkveldane på kulturhuset. Sjølv har han spela Magic: The Gathering i snaue to tiår.
– Eg har spela i 18-19 år no. Eg var mest aktiv då eg studerte i Bergen, då spela eg turneringar både i Noreg og i utlandet, fortel han.
Dei to øktene i helga var for å teste om folk var interesserte, og van Dinther fortel at dei no tek sikte på å gjera spelkveldane på kulturhuset til ei vekentleg affære.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP