Segn og soger bak kyrkja
Salmesong og skjelett var det plass til i tidsbiletet «Dreng dristug».
Framsyninga var lagt til midten av 1600- talet då Zacharias Skancke var prest i Seljord. Ein bispevisitas var ramma rundt spelet, med Hans Brattestaa i rolla som biskop medan Ragnar Haugstøl spela Skancke.
«Dreng dristug» har manusforfattar Sigurd Telnes kalla sogespelet, kallenamnet til tenesteguten som gjekk i beinskålen og henta ein hovudskalle midt på natta. Alt for å vinne eit veddemål for presten Skancke. Trass tett skylag heldt regndråpane seg borte og i overkant av femti hadde møtt opp for å sjå framsyninga som var avslutninga på Landstaddagane. Etter framsyninga blei det invitert til ein matbit bakom kyrkja.