– Mest truleg har denne felekassa vore eigd av Myllarguten. Me er veldig glade for at gode støttespelarar bidrog til at me kunne kjøpe ho, seier Dag Rorgemoen, direktør ved Vest-Telemark museum.
– Mest truleg har denne felekassa vore eigd av Myllarguten. Me er veldig glade for at gode støttespelarar bidrog til at me kunne kjøpe ho, seier Dag Rorgemoen, direktør ved Vest-Telemark museum.

Sikra seg feleskrinet etter Myllarguten

Vest-Telemark museum fekk tilslaget på eit feleskrin i tre som i si tid mest truleg var eigd av sjølvaste Myllarguten.

– Me blei tipsa om at skrinet ville kome for sal no. Fire generasjonar av same familien har eigd skrinet, og utifrå det me har klart å sjekke har skrinet vore eigd av Myllarguten, smiler museumsdirektør Dag Rorgemoen.

Gode støttespelarar

Både utforminga, tidspunktet då det blei laga og staden det kom frå tyder på at den kjende felespelaren bruka skrinet til ei av felene sine.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Svein Knutsson var lensmann i Rauland på den tida, altså midt på 1800-talet. Det var han som i si tid eige skrinet som han mest truleg kjøpte av Myllarguten, forklarer Rorgemoen.

– Utskjeringane i treskrinet minner svært mykje om arbeid som Halvor Teigen (1818–1910) frå Rauland stod for. Han var nok mest kjend som knivmakar, men rosene minner altså mykje om arbeidet hans, legg museumsdirektøren til.

– Korleis fekk de råd til å by på skrinet?

– Med ein stram økonomi er det godt å ha gode støttespelarar. Utfordringa i dette høvet var å få finansieringa på plass veldig kjapt. I tillegg var me usikre på kor dyrt skrinet ville bli, svarar han.

Rorgemoen seier at Vinje kommune og spelemannslaget i Vinje og Rauland har bidrege til at museet fekk tilslaget på feleskrinet.

– Det var fleire på auksjonen som baud på skrinet. Men dei har ganske stor respekt for museum som ynskjer å kjøpe slike historiske gjenstandar. I dette tilfellet blei prisen 20 000 kroner inkludert salær, fortel han.

Spela i Kristiania

Museumsdirektøren fortel at då Myllarguten starta som spelemann var felene ganske små. Etter kvart blei dei større og skrinet vitnar om nettopp dette.

– Ein ser tydeleg spor etter dette i skrinet, seier Rorgemoen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel også om då Myllarguten i 1849 kom til Kristiania og skulle spele i Gamle Logen der.

– Historia fortel at Myllarguten var ganske nervøs før han skulle spele, og at han ikkje fekk opna feleskrinet. Han måtte bryte det opp, fortel museumsdirektøren.

– På denne tida blei felene større og kanskje var det då han selde skrinet til lensmannen på Rauland. Elles var det vel også kjent at han stadig var i beit for pengar. Og det var ikkje så rart at Myllarguten var nervøs fordi konserten i 1849 var ei ganske unik hending. Han tok faktisk folkemusikken ut til det store publikummet den gongen, legg han til.

Fornøgd direktør

– Kor fornøgd er du med å ha fått tak i skrinet, og kor sikker er du på at det faktisk har vore eigd av Myllarguten?

– Me er veldig glade for at me klarte å sikre oss skrinet, ikkje minst fordi me har ganske få gjenstandar etter Myllarguten. Og eg er så sikker eg kan bli på at skrinet har vore Myllargutens i si tid. Planen er forresten at skrinet etter kvart skal til Myllarheimen i Arabygdi, men inntil vidare blir det her i Eidsborg, svarar ein strålande fornøgd museumsdirektør.