Juletradisjonane står sterkt i Noreg, og dei fleste held seg til den same julemenyen år etter år. Menyen varierer likevel sterkt frå landsdel til landsdel. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK
Slik er julemenyen til nordmenn på julaftan
Jula er sterkt prega av tradisjonar, noko som også blir spegla på julemenyen i norske heimar. Nærare halvparten av nordmenn et svineribbe på julaftan.
Det kjem fram i ei fersk undersøking gjord av Yougov på oppdrag frå Matprat – kommunikasjonskonseptet til Opplysningskontoret for egg og kjøt.
I undersøkinga svarte 47 prosent at dei åt svineribbe som hovudrett på julaftan i fjor. 38 prosent svarte pinnekjøt, medan 7 prosent svarte kalkun. 3 prosent åt vegetarmat som hovudrett, medan det same talet òg gjeld for lutefisk og torsk.
Riskrem er framleis den store dessertfavoritten til nordmenn i jula, og 37 prosent svarer at dei har riskrem som juledesserten. Deretter følgjer moltekrem og karamellpudding, med høvesvis 17 og 10 prosent.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP