Snorklipp 1: Hans Jacob Edvardsen, seniorrådgjevar i Telemark fylkeskommune, fekk æra over å skjera over snora, som markerte den offisielle opninga av Malmvegen.

Snorklipping på løpande band då den nye aktivitetsvegen opna

Sundag opna Malmvegen på Åmdals Verk med lokalhistorie, Noregs beste busskur og ein heilt ny golfvariant langs vegen.

Publisert Sist oppdatert

Aktivitetsvegen startar ved gruvene på Åmdals Verk, går gjennom bygda, og ender på badeplassen Key-Vest-Ø ved Åmlivatnet. Namnet Malmvegen stammar frå tida det var gruvedrift på Åmdals Verk, og fylgjer same ruta som koparmalmen gjorde på si fyrste etappe frå gruvene og ned til kysten.

– Dette er ein del av identiteten til Åmdals Verk, sa Anne Margit Urbø i styringsgruppa i 59° Nord-prosjektet.

Ho fortalde om bakgrunnen til prosjektet, som er eit delprosjekt i det større 59° nord-prosjektet, og støtta dei har fått frå Heiplansekretariatet, Telemarks fylkeskommune og Riksantikvaren, og samarbeidet med Vest-Telemark Museum (VTM). Deretter fekk Hans Jacob Edvardsen æra av å klippe dagens fyrste snor, og offisielt opne Malmvegen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS