Biblioteka i Vest-Telemark held sommarope. Dei oppmodar alle til å lese i ferien og inviterer barn og unge med på lesekampanjen sommarles.no.
Biblioteka i Vest-Telemark held sommarope. Dei oppmodar alle til å lese i ferien og inviterer barn og unge med på lesekampanjen sommarles.no.

«Sommarles» skal motivere unge lesarar

Saman med sommarhelsinga frå skulen fekk mange elevar ei oppmoding om å lese i ferien. «Sommarles» kan vere ei god drivkraft for å halde leselysta oppe, oppmodar dei sommaropne biblioteka.

1. juni opna sida for Sommarles-kampanjen på internett, og den vil halde fram til 31. august. Nettsida er på nynorsk og det er Vestfold fylkesbibliotek som leier prosjektet.

«Sommarles» er ei satsing for barn og unge frå 1. til 7. klasse og ei felles lesekampanje for 185 kommunar i Noreg. Ein kan samle poeng ved å løyse oppgåver, stikke innom sitt lokale bibliotek for å låne lesestoff og hente kodeord, og framfor alt lese og registrere så mange sider eller bøker og blad som råd i sommarferien.

Artikkelen held fram under annonsen.

I år får ein også tilgang til ei spesialskriven sommarforteljing på «Sommarles» si heimeside. Forteljinga «Kven stal Mjølner?» er ei norrøn fantasyforteljing av forfattaren Mari Moen Holsve.

Ved å svare på spørsmål frå forteljinga på heimesida, kan ein vinne digitale trofé og andre små premiar som ein kan hente på det lokale biblioteket når ein har samla nok poeng.

Populært

Nettstaden har slått godt an hos dei unge lesarane, og biblioteka i Vest-Telemark opplever stor interesse og ser at mange unge har logga seg inn som brukarar på nettsida.

På nettsida kan ein også sjå kva bøker som er populære å lese akkurat nå, og fylgje med på kva bøker venene dine likar best. Til dømes var «Gutta i trehuset med 13 etasjar», «En pingles dagbok» og «Operasjon Tordensky» øvst på lista då VTB besøkte nettsida onsdag.

Sommarope

Når varmen og ferietida melder seg er det godt å legge seg i skuggen med ei god bok, både for små og store lesarar. For å sikre godt lesestoff vil gjerne dei sommaropne biblioteka i Vest-Telemark ha besøk, og dei kjem gjerne med innspel og boktips.

I sommarferien er det reduserte opningstider på dei ulike biblioteka, men dei fleste kommunane har sommarope ein eller to dagar i veka fram til skulestart i august.

Biblioteket i Kviteseid har sommarope på onsdagar, medan biblioteket i Vinje, Seljord og har sommarope på torsdagar.

Tokke folkebibliotek har sommarope kvar tysdag og torsdag i sommarferien. I Nissedal kan ein besøke biblioteket på måndag og onsdag, medan biblioteket i Fyresdal held fram med vanlege opningstider tysdag til fredag fram til 15. juli. Etter dette stenger dei biblioteket fram til 16. august.