Reiste til Levanger: Mari Heddejord, Hilde Spikkeland Holm og Elise Draugedalen Birkeland (oppe på bordet) og Alfred Jore, Abram Lindheim og Lily Wikse Bentsen reiste til Levanger for å vere med på noregsmeisterskapet i speiding.

Dei 25 speidarane møtest annankvar veke. Dette likar dei best

Speidarane i Kviteseid tel 25 barn og unge som finn på mykje moro saman. I helga deltok ein patrulje på NM i speiding i Levanger.

Gjennom året kjem dei 25 speidarane i Kviteseid saman annankvar veke. Nokre gonger er dei ute, andre gonger inne.

– Men me prøvar å reise på tur ein gong i månaden, fortel speidarleiar Ane Spikkeland Holm som har med seg barn og unge frå 5. klasse og opp til tre elevar som går på Kvitsund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Førre veke hadde speidarane sommaravslutning. Då møttest dei på stranda på Kvitsund der dei fekk låne kanoar for å padle til Vesleøy.

Sommaravslutning: Speidarane i Kviteseid avslutta året med sommaravslutning og kanotur til Vesleøy.

Padletur

Før speidarane la i veg blei dei fordelt to og to per kano, alle fekk på ein redningsvest og Holm tok ein gjennomgang av korleis ein skal padle.

– I dag er det litt vind, styr mot bølgene, og hugs at den fremste er motor og den bakre styrer, minna Holm om før ein sprudlande glad gjeng la i veg med Vesleøy som mål.

– Når me kjem fram blir det mat, me skal dele ut merke og me held ein liten andakt med ord for dagen, seier speidarleiaren.

Speidarane Lily Wikse Bentsen og Marie Spikkeland Holm er klare for kanotur. Dei synest det er veldig moro å vere med i speidaren, og seier at dei lærer mykje av å vere med.

– Me lærer mellom anna mange ulike knutar, og kva som er lurt å kunne når ein er ute på tur, seier jentene.

Dei set turopplevingane øvst av det dei likar best med speidaren, og likar spesielt godt å sove ute i hengekøye.

Sommaravslutning: Speidarane i Kviteseid avslutta året med sommaravslutning og kanotur til Vesleøy.Speidarane er: Mari Heddejord, Hilde Spikkeland Holm, Elise Draugedalen Birkeland. Alfred Jore, Abram Lindheim, Lily Wikse Bentsen, Lucas Aarden, Koden Dean, Jens Olav Jamgrav Foss, Hans Skjæveland, Jesse Aarden, Tallak Vaagen Kvalbein, Trym Steinbakk, Oline Gotuholt Breidalen, Josefine Hægeland, Lars Heggtveit, Mathea Asdahl, Patrick Birkelund, Elisabeth Haland, Knut Ove Lofstad, Hans Kristian Aabø, Ane Spikkeland Holm, Magnar Syrtveit Mikalsen, Vidar Syrtveit Mikalsen.

Ulike aktivitetar

Gjennom året opplever speidarane mykje moro saman. Dei har laga godteri på skulekjøkkenet, øvd på ulik kunnskap som kan vere god å ha når ein er på tur, og tevla mot andre speidargrupper på leir.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me reiser kvart år på leir til Trovassli, i fjor haust padla me til Bukkøy og i vår hadde me overnattingstur til Ågapet der nokre speidarar fekk erfare korleis det er å ikkje ligge under teltduken i hengeøya når regnvêret starta. Dei blei våte, seier Holm.

Gjekk vidare til NM

MSK (Misjonskirken speidarkorps) Kviteseid deltok tidlegare i vår på krinsleir der dei tevla mot mange andre speidartroppar frå Telemark og Buskerud.

– Den eine troppen vår kvalifiserte seg til noregsmeisterskapen, og det var fyrste gongen me var med på noko slikt og reiser på NM for å tevle mot over tusen andre speidarar, seier Holm som reiste til Trøndelag saman med seks speidarar frå 5. og 6. klasse.

I år som i fjor blei NM arrangert i Levanger, og patruljen frå Kviteseid møtte mange eldre speidarar som også hadde kvalifisert seg i sine krinsar. Speidarane tevla innan fyrstehjelp, mat, klima og miljø, friluftsliv og kosa seg kring leirbålet om kvelden.

– Har de det gøy, så er de alle vinnarar, sa prosjektleiaren for NM i speiding 2023 under opningsmøtet. I meisterskapen var dei opptekne av at NM i speiding handlar om så mykje meir enn prestasjonar. På leiren skulle speidarane få gode opplevingar, bygge samhald i patruljane og sjølvsagt ha det gøy.

Frå krinsleir: Lucas Aarden, Koden Dean, Jens Olav Jamgrav Foss, Hans Skjæveland, Jesse Aarden, Tallak Vaagen Kvalbein, Trym Steinbakk, Oline Gotuholt Breidalen, Josefine Hægeland, Elise Draugedalen Birkeland, Lily Wikse Bentsen, Hilde Spikkeland Holm, Mari Heddejord og Abram Lindheim hadde det moro på krinsleir.