Seljord folkemusikklag vann klassa for lagspel, senior.
Seljord folkemusikklag vann klassa for lagspel, senior.

Spretten kappleik og Youtube-spelemann

Godt felespel, gode dansarar og ein umåteleg spretten numedøl sette preget på årets Seljord-kappleik laurdag. I tillegg var ein amerikanar frå Youtube spel- og dansarlag på plass …

Han slo stifta, spente hatten og dansa med spenst og entusiasme, numedølen Bjørnar Blaavarp Heimdal, då han laurdag dansa halling i klasse A i Seljord.

Det var 44 deltakarar i årets kappleik i Seljord. Deltakarane stilte i vokal, dans og spel, og aldrane varierte frå elleve til nitti år. Eit entusiastisk publikum var også med på å skape ei flott ramme rundt kappleiken på Granvin.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dansen har ei svært god rekruttering i fylket. Det kan me takke det treårige prosjektet «Bygda dansar» for. Prosjektet blei avslutta i år. Mange av dansarane i prosjektet er trufaste deltakarar på kappleikar, og det viser at trening og erfaring i å opptre gjev resultat, seier Torunn Raftevold Rue på vegne av Seljord-kappleiken 2016.

To amerikanarar

To av deltakarane på kappleiken kjem frå USA. Nicolas Albretsen spela seljefløyte, rett nok laga i plast, medan Toby Weinberg trakterte hardingfele.

– Eg representerer Youtube spel- og dansarlag, smilte Albretsen då det var hans tur til å opptre.

Vilde Westeng og Jon Inge Særsland blei nummer tre i dans hardingfele klasse C.
Vilde Westeng og Jon Inge Særsland blei nummer tre i dans hardingfele klasse C.
Rollef Storåsen på nitti var kappleikens eldste deltakar.
Rollef Storåsen på nitti var kappleikens eldste deltakar.
Amerikanske Nicolas Albretsen spela seljefløyte. Han har lært av å sjå på Youtube, og representerte dermed Youtube spel- og dansarlag …
Amerikanske Nicolas Albretsen spela seljefløyte. Han har lært av å sjå på Youtube, og representerte dermed Youtube spel- og dansarlag …
Helle Kleivi Sjåvåg, Seljord folkemusikklag, blei nummer fem i klasse B.
Helle Kleivi Sjåvåg, Seljord folkemusikklag, blei nummer fem i klasse B.
Bjørnar Blaavarp Heimdal frå Numedal spel- og dansarlag slo stiften. Han vann Halling klasse A.
Bjørnar Blaavarp Heimdal frå Numedal spel- og dansarlag slo stiften. Han vann Halling klasse A.

– Det har seg slik at eg har lært å spele av å sjå og høyre på nettopp Youtube, sa han.

Albretsen vedgjekk før han starta, at han kom til å spele feil undervegs. Og det gjorde han. Men like fullt heldt han stilen heilt til han var ferdig, berre avbroten av sin eigen latter i blant. Albretsen skal ha for innsatsen, og som einaste deltakar på seljefløyte vann han klassa si med 29 poeng.

Dagens eldste deltakar var Rollef Storåsen på nitti år. Han representerte Spelemannslaget Vårlengt. Storåsen deltok i vokal klasse D.

– No må de halde dykk fast, sa Storåsen før han sette i gang.

Set pris på det sosiale

Før kappleiken møtte VTB dansarane Marianne Tvitekkja frå Tinn spelemannslag og Helge Sigurd Amdahl Telnes frå Seljord folkemusikklag. Dei skulle båe danse, men ikkje med kvarandre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg skal danse ein Tinnspringar med ein kar frå Jondalen, sa Tvitekkja.

– Og eg skal danse ein gangar med Ingrid Storlid frå Seljord folkemusikklag, fortalde Telnes.

– Er de nervøse?

– Nei, eg vil ikkje seie det. Me har vore med mange gonger, og har blitt vant til å stå på scenen. Me kan vel seie me er kalde og rolege no, men det var ikkje slik i starten, smilte dei.

Dei var samde om at det sosiale ved å vere med på kappleiken er like viktig som å opptre.

– Det er eit skikkelg godt kappleikmiljø, fortalde dei.

Bjørnar Blaavarp Heimdal frå Numedal spel- og dansarlag var ein av deltakarane som fekk størst applaus i Seljord laurdag. Med sin halling i klasse A viste han at han er spretten som få, og han fekk også fram flyten i dansen på ein særs god måte.

Det var elles mange gode prestasjonar både i dans, vokal og spel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Årets Seljord-kappleik blei trygt losa i hamn av programleiarane Aud Manheim og Torbjørn Moen.

Premieliste Seljord-kappleiken 2016:

Vokal kl. D:1. Kittil Brekke, Spelemannslaget Vårlengt, 76 poeng. 2. Bjarne Nordjordet, Seljord folkemusikklag, 63 poeng. 3. Rollef Storåsen, Spelemannslaget Vårlengt, 51 poeng.Vokal kl. C:1. Astri Øverdal, Tinn spelemannslag, 59 poeng. 2. Vilde Westeng, Gransherad spel- og dansarlag, 48 poeng.Vokal kl. B:1. Tov Wetterhus, Numedal spel- og dansarlag, 65 poeng. 2. Knut Halvor Traaen, Numedal spel- og dansarlag, 47 poeng.Vokal kl. A:1. Kjell Hove, Falkeriset folkemusikklag, 78 poeng.Dans hardingfele kl. D:1. Aud Manheim m/følgje, Seljord folkemusikklag, 77 poeng.Dans hardingfele kl. C:1. Vilde Westeng m/følgje, Gransherad spel- og dansarlag, 73 poeng. 2. Ingrid Storlid og Helge Sigurd Amdahl Telnes, Seljord folkemusikklag, 70 poeng. 3. Vilde Westeng og Jon Inge Særsland, Gransherad spel- og dansarlag/Tinn spelemannslag, 62 poeng.Dans hardingfele kl. B:1. Birgit Haukås m/følgje, Tinn spelemannslag, 81 poeng. 2. Marianne Tvitekkja og Torbjørn Rua Dokken, Tinn spelemannslag, 78 poeng (gangar). 3 Birgit Haukås, Tinn spelemannslag, 77 poeng (jentespringar). 4. Marianne Tvitekkja og Torbjørn Rua Dokken, Tinn spelemannslag, 75 poeng (springar). 5. Ingrid Gjerlid m/følgje, Seljord folkemusikklag, 74 poeng. 6. Ingrid Storlid og Bjønn Raftevold Rue, Seljord folkemusikklag, 69 poeng.Dans hardingfele kl. A:1. Sara Fjågesund Aase og Eivind Bakka, Seljord folkemusikklag og Fjellrosa, 77 poeng (springar). 2. Hæge Manheim, Seljord folkemusikklag, 77 poeng (jentespringar). 3. Hege Weseth og Asgeir Blaavarp Heimdal, Numedal spel- og dansarlag, 75 poeng. 4. Sara Fjågesund Aase og Eivind Bakka, Seljord folkemusikklag og Fjellrosa, 63 poeng (gangar).Halling kl. C:1. Vilde Westeng, Gransherad spel- og dansarlag, 71 poeng. 2. Jon Inge Særsland, Tinn spelemannslag, 55 poeng.Halling kl. B:1. Bjønn Raftevold Rue, Seljord folkemusikklag, 80 poeng. 2. Torbjørn Rua Dokken, Tinn spelemannslag/Småjondølene, 78 poeng.Halling kl. A:1. Bjørnar Blaavarp Heimdal, Numedal spel- og dansarlag, 84 poeng.Lagspel senior:1. Seljord folkemusikklag, 75 poeng.Gruppespel senior:1. Ragnhild Knudsen og Torunn Raftevold Rue, Seljord folkemusikklag, 68 poeng.Eldre folkemusikkinstrument: Seljefløyte1. Nicolas Albretsen, Youtube spel- og dansarlag, 29 poeng.Munnharpe:1. Tov Wetterhus, Numedal spel- og dansarlag, 82 poeng.Durspel:1. Jogrim Søyland, Vårflaumen spel- og dansarlag, 74 poeng.Spel hardingfele rekrutt (under 12 år): Simon Nikolaenko, Bø juniorspelemannslag.Spel hardingfele kl. C:1. Birgit Haukås, Tinn spelemannslag, 62 poeng. 2 Sunniva Langås-Røiland, Bø juniorspelemannslag, 47 poeng.Spel hardingfele kl. B: 1. John Olav Lia, Gransherad spel- og dansarlag, 76 poeng. 2. Ånond Versto, Seljord folkemusikklag, 75 poeng. 3. Bjørnar Heimdal, Numedal spel- og dansarlag, 63 poeng. 4. Toby Weinberg, Boston spelemannslag, 55 poeng. 5. Helle Kleivi Sjåvåg, Seljord folkemusikklag, 54 poeng. 6. Herman Gautefald, Seljord folkemusikklag, 52 poeng.Spel hardingfele kl. A:1. Ottar Kåsa, Falkeriset folkemusikklag, 89 poeng. 2. Lars-Ingar Meyer Fjeld, Spelemannslaget Vårlengt, 88 poeng. 3. Kjellbjørn Karsrud, Vårflumen spel- og dansarlag, 82 poeng. 4. Sara Fjågesund Aase, Seljord folkemusikklag, 79 poeng.

Omspelet vart vunne av Ottar Kåsa.

Omdansen vart vunne av Birgit Haukås.

Dommarar spel: Lars-Erik Øygarden, Kjell Midtgaard og Øystein Romtveit.Dommarar dans:Øystein Romtveit, Rønnaug Larsen og Ole Arnfinn Hagen.Dommarar vokal: Rønnaug Larsen, Ole Arnfinn Hagen og Kari Lønnestad.