Meir enn ein gong måtte salen og Olav Vesaas (t.v.) gje seg over i latter av dei kjappe kommentarane og spissfindige formuleringane til årets hovudgjest Dag Solstad på Litteraturdagane i Vinje.
Meir enn ein gong måtte salen og Olav Vesaas (t.v.) gje seg over i latter av dei kjappe kommentarane og spissfindige formuleringane til årets hovudgjest Dag Solstad på Litteraturdagane i Vinje.

Standup med Solstad

Med kjappe kommentarar og spissfindige formuleringar som våpen fekk Dag Solstad latterbylgjene til å rulle på Litteraturdagane.

Dag Solstad er ein av dei største samtidsforfattarane våre, og han er ein smule berykta for å kunne vera eit vanskeleg intervjuobjekt. Men som hovudgjest på Litteraturdagane i Vinje blei det reine standup-showet med ein pratsam hovudgjest i storslag.

Inn- og utpust

Tradisjonen tru var det Olav Vesaas som stod for samtala med Solstad laurdag på samfunnshuset i Edland. Sommaren hadde Vesaas nytta til å lese gjennom romanane til Solstad, som er på 18 verk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men å temja ein forfattar i godlune kan vera ei utfordring. Trass at Solstad insisterte på at det verste han visste var folk som fortalde historier, og at han sjølv ikkje ein gong kunne fortelje ein vits, rann sogene ut på både innog utpust. Og salen gav seg ende over i latter med jamne mellomrom.

Solstad har mottatt fleire prisar for det litterære arbeidet sitt, og desse trekte Vesaas fram i duksjonen av forfattaren.

– Og så har eg to quiz-statuettar og ein spurtpokal frå Molde etter at eg tok ein ekstra spurtrunde, kvitterte forfattaren.

Rønnaug Vaa (t.v.), Dagne Groven Myren, Inger Lise Gundersen og Dagne Vaa kytte av årets arrangement.
Rønnaug Vaa (t.v.), Dagne Groven Myren, Inger Lise Gundersen og Dagne Vaa kytte av årets arrangement.

Som kommentar på at han har fått sin eigen plass oppkalla etter seg i Sandefjord, sa Solstad dette:

– Det er den minste plassen eg nokon gong har sett.

Stemninga var dermed sett.

Ein opplyst slyngel

Innimellom ablegøyene pensa Vesaas det inn mot det litterære arbeidet, og inn mot barndommen til Solstad for å sjå kva det hadde å tyde for forfattarskapen. Men dit ville ikkje hovudgjesten.

– Eg er ikkje opphengt i min eigen barndom, og har aldri hatt nokon lyst til å skrive om det. Og eg skal ikkje skrive om mor mi, konstaterte Solstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men nokre innblikk i dei tidlege åra fekk publikum. Mellom anna at han, ved hjelp av triks som bokbind på lånte bibliotekbøker, las romanar under påskot av å lesa lekser.

– Eg var ein opplyst slyngel, sa Solstad.

Engasjert

Solstads nyaste roman «Det uoppløselige element i Telemark i perioden 1591-1896» fekk sjølvsagt plass i samtala. Romanen omhandlar morsslekta til forfattaren, og den viste seg å vera svært stor og ikkje minst fornem. Såpass høgt på strå at det har medført at bilturane i Telemark saman med kona vissnok er krevjande.

– Så sit eg der og peikar og seier at her har me eigd og her har me eigd, heilt til ho blir forbanna å køyrer opp til den ti meter høge statuen utanfor Seljord kyrkje. For tippoldefaren hennar er nemleg Landstad, sa Solstad.

Engasjert Nokre dykk inn i romanane blei det også plass til, og Solstad las opp frå eine eigne bøkar eit par gonger. Solstad si interesse for sport er over gjennomsnittet stor. Mellom anna har han saman med

Jon Michelet skrive reportasjebøker frå fem VM i fotball, men han er også interessert i andre sportsformer, som skøyter. Kommentatorane i dagens sendingar frå skøyter fekk gjennomgå i klar tale.

– Dei går bevisst inn for å øydelegge skøytesporten, og har fått folk til å tru at 5 000 og 10 000 meter skøyter er kjedeleg. Dei pratar bare tull undervegs og serverar ikkje rundetider ein gong. Eg blir så sint, nærmast ropa ein Solstad, til rungande applaus frå salen.

«Isslottet»

Etter vel gjennomført program kjende ein at lattermusklane hadde fått god trim, og i matpausa var det suppe å få. Rønnaug og Dagne Vaa frå Indre Østfold hadde tatt turen til Vinje og hytta for å delta på Litteraturdagane, og dei hadde bare godord å seie om arrangementet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var kjempemoro å høyre på Solstad, og så var det moro å få med seg «Isslottet» i går. Eg såg spelefilmen då eg var omtrent på same alder som jentene i filmen, og den sat sterkt då, seier Dagne.

Inger Lise Gundersen frå Skien la besøket til syster si i Rauland til denne helga, og ho kyter av konserten til Odd Nordstoga og barokksolistane fredag.

– Det var fantastisk. Ensemblet var midtpunktet og det var veldig moro, seier Gundersen.