Betong og tre: Akademiet blei bygd av tre, glas og ubehandla betong. Lars Erik Skjøtskift Øygarden, som var mykje med mor si på jobb på Akademiet som liten, minnest at han ikkje kunne skjøne at dei hadde brukt så mykje tid på å få betongen til å sjå ut som tre. – Det måtte vere eit frykteleg pirkearbeid å teikne inn alle dei linune. Foto: Jubileumsboka/lokalhistorisk arkiv
Stoltheit og fordom på Raulandsakademiet
– Kven har til dømes budd saman med Arne Næss og fått følge hans spennande tankar om økosofi over tid, og ikkje minst nattleg utflukter på ski med han? spør ein av dei fyrste elevane som gjekk på Akademiet i Rauland.
I 2022 var det femti år sidan drifta av Akademiet i Rauland starta opp, og året etter var også det karakteristiske akademibygget på Haddland halvvegs til hundre. Då fekk Marit Jortveit, som har meir enn tretti år bak seg i Akademiets teneste, i oppdrag å samle historia mellom to permar. Det har blitt til boka «Raulandsakademiet – Læring, kultur & reiseliv i 50 år».
Det var hausten 1972 at Rauland folkehøgskule og akademi starta opp med lokalsamfunn, økologi og naturvern på timeplanen. Då hadde mange bekkar små samla seg til ei stor å gjennom meir enn tjue år.
Det fyrste tilsiget kom alt i 1948, då Rauland Bygdelag skipa til ei stor utstilling med handverk og kunst frå bygda. Andre idear og planar som risla og rann i tiåra etter var handverkskurs, sommarskule i kunsthandverk, kunst- og handverkstun, folkehøgskule – og bygdeakademi.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP