Ein tidstypisk plakat frå Norsk Bygdekino. Storfilmane kom også til utkantane, om enn litt forseinka. (Digitalt museum)

Storfilmane kjem like kjapt til Vest-Telemark som til Oslo – takka vere Bygdekinoen

Neste år rundar Norsk Bygdekino 75 år. Det skal markerast skikkeleg. I Vest-Telemark får åtte stadar jamleg besøk av kinoen.

Publisert Sist oppdatert

– Aktiviteten i Norsk Bygdekino er god. Vi har i underkant av 200 spelestader rundt om i landet, så det er mange lokalsamfunn som har glede av oss, seier leiar for Norsk Bygdekino, André Hvam Jakumeit. Han byrja i stillinga i sommar og kom frå ei stilling som regionsjef i Nordisk Film og Kino, ei av dei største kinokjedene i landet.

Jakumeit fortel at dei har 13 bilar med fullt kinoutstyr, som gjer at dei kan vise film nærmast kvar som helst. Det blir vist film i alt frå gymsalar, ungdomshus og samfunnshus til meir moderne kulturhus. Og det har skjedd ein utstyrsrevolusjon sidan starten i 1950.

På ein del visningsstader er det ofte fastmontert utstyr for til dømes lyd og eige lerret, men i kinobilane er det fullt utstyr inkludert lerret og prosjektor for dei som treng det.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS