Populært: Det var lang kø og mange som ville ta turen innom «Åsa».

Stort oppmøte på Vikingdagen. – Eg har aldri opplevd at det har vore trafikkork ved bygdetunet

For tredje gong vart Vikingdagen arrangert på Kviteseid Bygdetun. Denne gongen kom det så mange folk at det vart trafikkork på vegen ved bygdetunet.

Dei besøkande som kom innom Kviteseid Bygdetun laurdag fekk verkeleg vere med på ei reise tilbake til vikingtida. Det var aktivitetar for alle aldrar, deriblant tradisjonelle vikingleikar, musikk frå vikingtida, bogeskjoting og runerissing.

Kledd seg ut for vikingdagen: Torjus Lundevall Hauge og Tiril Lundevall Hauge hadde kledd seg ut som ekte vikingar då dei besøkte Kviteseid Bygdetun laurdag 1. juli. Begge syntest det var veldig stas å gå om bord i osebergskipet Åsa.

Det største høgdepunktet for mange var nok vikingskipet Åsa, som saman med Olavs Menn, tok turen til Kviteseid denne dagen. Det var mogleg å stige om bord i båten, noko både store og små fann særs interessant.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tok turen til Kviteseid: Vikingskipet «Åsa» tok turen til Vikingdagen i Kviteseid.

– Vikingdagen har blitt arrangert tre gonger – ein gong før pandemien, i fjor og i år. I år kom det mange fleire enn i fjor, truleg på grunn av at det skulle komme eit vikingskip, fortel dagleg leiar i Telemarkskanalen Natur og kulturpark, Birgitte Gulla Løken.

– Arrangementet er eit samarbeid mellom Telemarkskanalen Natur og kulturpark og Vest-Telemark museum. I tillegg er Kviteseid kommune, lokalstyret og støttelaget for bygdetunet med å arrangerer, fortel publikumsleiar ved Vest-Telemark Museum, Anne Gundersen.

Rørte over det store oppmøtet: f.v. Birgitte Gulla Løken og Anne Gundersen vart rørte over at det var så godt oppmøte under Vikingdagen. – Det er ikkje så lett å planleggje eit slikt arrangement, sidan det ikkje er påmelding på førehand og det er utandørs, så det er ekstra moro når det går så bra, seier Løken.

Gundersen fortel vidare at Kviteseid Bygdetun er ein perfekt stad for eit slikt arrangement, ikkje minst med tanke på at der vikingskipa legg til hamn, nede ved Kauphammar, er ein historisk handelsplass frå vikingtida.

– Det er veldig moro at det er så god respons – det viser at vikinghistorie er noko som fenger, legg Gundersen til.

– Eg måtte sende ei melding til mannen min rundt klokka halv tolv i dag – då var det trafikkork ved Kviteseid Bygdetun og det trur eg ikkje skjer kvar dag her. Me blir litt rørte, fortsett Løken.

Begge to håpar på å kunne halde fram med å arrangere vikingdagen ved Kviteseid Bygdetun.

Kortreist mat: f.v. Einar Christian Lindstøl, Anne B. Skålid og Elin Skålid laga heimelaga Fjellgardsburgarar under Vikingdagen. – Det einaste som ikkje er heimelaga her er grønsakane. Kjøtet er frå kjøtproduksjonen på garden heime og alt anna er laga frå botn av, fortel Anne.