Streif og seljesong langs Sogevegen
Som ein del av Sogeveg-prosjektet var det vandring, konsert, opning av kunstutstilling og boklansering laurdag.
Dagen starta med tur frå Thogrenda i Hjartdal, via Ambjørnsdalen og til Blika i Svartdal. Ingvill Buen Garnås viste veg, og fortalde om det særeigne kulturlandskapet i området.
– Om lag 70 personar deltok på vandringa, fortel Torunn Raftevold Rue.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho er med i Seljord folkemusikklag og tok imot vandrande gjester på det gamle gardstunet på Blika i Svartdal.
I godt samarbeid med Hjartdal- og Svartdal utvalde kulturlandskap og Telemarkfestivalen arrangerte folkemusikklaget konsert. Torhild Ostad song og Silje Hegg spela på fløyter, av ulike slag. Blant anna på ei ho hadde laga av ei brøytestikke.
Sjå video under
Det er ikkje fyrste gong folkemusikklaget arrangerer utekonsert. Tidlegare har dei arrangert konsert på Bindingsnuten i Flatdal og på Bægjuv.
– Utekonsertar er tydelegvis veldig populært. Det må me nok prøve å få til fleire av, sa Raftevold Rue.
Ho var takksam for at dei fekk låne det gamle gardstunet og godt fornøgd med at om lag hundre personar møtte opp på Blika
Etter konserten gjekk mange vidare til Nutheim der det var opning av kunstutstilling og lansering av boka «Streif Langs Sogevegn», som Ånond Versto og Hans Kristian Borchegrevink Hansen har skrive. Og dei som tok seg tid langs vegen ned til Flatdal kunne sjå både kunst og nyte utsikt.
Hjartdal- og Svartdal utvalde kulturlandskap
Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei felles satsing mellom Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Satsinga skal sikre verdiar knytt til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø.
Landskapa er valt ut fordi dei er særeigne jordbrukslandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, skapt av menneske i samspel med naturen gjennom generasjonar.
Det er i dag 51 område i landet som er valt ut som utvalde kulturlandskap. Hjartdal- og Svartdal utvalde kulturlandskap er eitt av dei.
Landskapet i Hjartdal og Svartdal er kjenneteikna av blomsterrike slåttenger, store areal med haustingsskog og naturbeitemark, blant anna med søstermarihand. Her finn me og fleire gravfelt ifrå jernalderen, gamle steingardar og driftevegar, og ei stor mengd freda og verneverdige bygg.
Kjelde: Landbruksdirektoratet/Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Artikkelen held fram under annonsen.