Diktar: Svanhild Amdal Telnes, som kjem frå Seljord, debuterte i 2018 med diktsamlinga Om nettene brukar mor dråpeteljar, som vart nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris. Ho fylgde opp med Å jage ein hjort i døden i 2021, og fekk Bokhandlerforeningens forfattarstipend i 2022.

Svanhild skriv om sorg og livsglede

I november kom Svanhild Amdal Telnes frå Seljord ut med si tredje diktsamling. Forfattaren har vore inspirert av dikta til faren, og boka har fått tittelen Munn mot tømmeret.

Publisert

Diktsamlinga skildrar ein far som blir borte, og eit eg som forsøker å finne fram i verda i dette fråværet.

For ti år sidan mista Svanhild faren sin Bjørn Amdal. Han skreiv mykje, og drøymde om å gje ut dikta sine.

– Men det vart aldri nokon bok, seier ho.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS