Tov Espelid fekk Anders Vangens talentpris. Her med det synlege beviset frå Linda Marit Skogli frå Sparebanken Sør, Nissedal.
Tov Espelid fekk Anders Vangens talentpris. Her med det synlege beviset frå Linda Marit Skogli frå Sparebanken Sør, Nissedal.

Talentpris til treunge

For første gong blei Anders Vangens minnefond delt ut, og 17åringen Tov Espelid frå Treungen var ein av prisvinnarane.

Anders Vangens talentpris er i samarbeid med Sparebank Sør og det blei dela ut 10.000 kroner til fem vinnarar i Rådhusamfiet i Porsgrunn 25. mai.

Prisvinnaren Tov Espelid går på musikklinja ved Skien videregående skole. Tov likar å eksperimentere med ulike instrument men hovudinstrumentet er el-gitar. Han lagar sine eigne opptak der han spelar inn alle dei forskjellige instrumenta sjølv, heiter det i grunngjevinga frå juryen som bestod av «Operagutta».

Artikkelen held fram under annonsen.

Erik Maxim Kronda frå Bergsbygda mottok Anders Vangens talentfond på 30 000 kroner. I tillegg til Espelid fekk Jasmin Deliler, Simon Thorbjørnsen, Kari Holte Aarø og Alexander Johnsen talentpris på 10 000 kroner.

Operasongaren Anders Vangen døydde i mai i fjor.