Tone Tveit)
Tone Tveit)

Tevlar i Valdres til veka

Folkemusikkutøvarar og folkemusikkinteresserte i hopetal legg turen til landskappleiken på Fagernes.

Som vanleg er Vest-Telemark godt representert på landskappleiken, som i år blir arrangert på Fagernes, samstundes med Jørn Hilme-stemnet. Jørn Hilme-stemet er landets eldste folkemusikkfestival og har vore arrangert på Valdres folkemuseum sidan 1960. Tidlegare har det vore landskappleik på Fagernes i 1957, 1978 og 1992.

Vanlegvis går landskappleiken av stabelen i slutten av juni, men i år startar tevlingane onsdag 22. juli. Av deltakande vesttelar er det Ragnhild Knudsen og Torunn Raftevold Rue som skal fyrst i elden. Dei er påmelde i gruppespel som går føre seg i Valdreshallen onsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dans og kveding

Torsdag er det klart for B-klasse dans. Der er Anne-Karin Slåtta og Bjønn Raftevold Rue frå Seljord folkemusikklag påmelde. Det er også Sara Fjågesund Aase, som dansar med Eivind Bakka frå Fjellrosa spel- og dansarlag. Same dag skal også spelemannslaga i aksjon. Seljord folkemusikklag har 23 lag å konkurrere med.

I B-klassa for vokal er 21 deltakarar påmelde, mellom andre Ingebjørg Lognvik Reinholdt frå Seljord folkemusikklag og Randi Øverbø Hove og Inger Lien, båe frå Falkeriset folkemusikklag. I fjor mangla Inger Lien berre eitt poeng for å rykke opp i A-klassa.

Både eldre og yngre

Torsdag er også dagen for den populære klassa super D, der utøvarar over 60 år kan delta. Der finn me mellom andre kvedaren Halvor Nordjordet, som stiller for FolkOrg. Fredag morgon må songarane tidleg opp og reinske stemma. Alt klokka ti tevlar fjorten utøvarar i vokal klasse A, mellom dei Kjell Hove frå Falkeriset folkemusikklag.

Stein Versto, Vinje spilemannslag, tevlar med tjue andre i hardingfele klasse A. (Arkiv
Stein Versto, Vinje spilemannslag, tevlar med tjue andre i hardingfele klasse A. (Arkiv
Knut Espelid)
Knut Espelid)

Klassa for hardingfele B tel i år totalt 38 utøvarar. Den einaste vesttelen som figurerer på denne lista er Lars Erik Øygarden frå Falkeriset folkemusikklag.

På startlista for dans hardingfele yngste klasse er Seljord godt representert. Gjertrud Raftevold Rue skal danse med Torjus Westeng Bakken frå Gransherad spel- og dansarlag, medan Ingrid Storlid og Helge Sigurd Amdal Telnes hiver seg i både ein springar og ein gangar. Silje Nilsen Østensen, også ho frå Seljord folkemusikklag, er påmeldt med ein gangar. Ho dansar med fylgje.

Gjævaste klasse

I A-klassa for dans finn me to vesttelar; Asgaut Bakken og Johan Vaa. Bakken skal danse telespringar med Ingvill Marit Buen Garnås, medan Vaa dansar springar frå Vest-Telemark saman med den ferske doktoren i musikkhistorie, Anne Svånaug Blengsdalen.

I alt 21 deltakarar er påmelde i hardingfele klasse A, ei tevling som finn stad i Valdreshallen laurdag. Ottar Kåsa frå Falkeriset og Stein Versto frå Vinje spilemannslag representerer Vest-Telemark i denne klassa.

Årets kongepokal går til ein hallingdansar.