Tokke kraftverk blir freda av Riksantikvaren
Kraftverka var heilt sentrale i framveksten av norsk industri og velferdssamfunn. Nå blir ei rekke kulturminne frå kraftverkshistoria freda.
– Mange kraftstasjonar er storslåtte byggverk i storslått natur. De er med god grunn blitt kalt Noregs katedralar og vitnar om over 100 år med imponerande samvirke mellom kultur- og naturkrefter. Kraftverka fortel historier om korleis det moderne Noreg har utvikla seg, og dei har forårsaka viktige debattar om samfunnsprioriteringar som framleis har aktualitet, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) i ei pressemelding.
– Kraftverka blei arkitektoniske og tekniske symbol for nasjonsbygging, modernitet og framskritt. Nå tar vi vare på eit utval av desse anlegga for ettertida, seier riksantikvar Hanna Geiran i pressemeldinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei utvalte anlegga som blir freda er frå ulike stadar og viser ulike sider av vasskrafthistoria. Anlegga er frå tidleg 1900-tal og fram til 1985 og viser utviklinga frå kraftstasjonar og røyrgater i dagen til høgteknologiske kraftstasjonar i fjell.
Fredninga blei vedtatt av Riksantikvaren 31. august 2020, og vil bli markert med eit arrangement våren 2021 ved Glomfjord kraftverk.
Desse utvalte anlegga frå krafthistoria er nå freda
Aura kraftverk (1956), Sunndal kommune, Møre og Romsdal
Sauda III kraftverk (1930), Sauda kommune, Rogaland
Glomfjord kraftverk (1920), Meløy kommune, Nordland
Tokke Kraftverk (1961), Tokke kommune, Vestfold og Telemark
Nedre Røssåga kraftverk (1955), Hemnes kommune, Nordland
Hakavik kraftverk (1922), Øvre Eiker kommune, Viken
Hylen kraftverk (1980) og Saurdal pumpekraftverk (1985) i Suldal kommune, Rogaland
Dalsfos kraftverk (1907), Kragerø kommune, Vestfold og Telemark
Kraftledning Fykan-Haugvik - Master i Glomfjord (1920), Meløy kommune, Nordland
I tillegg har Tysso 1, i Ullensvang kommune, vore freda sidan 2000.