Tradisjonsrikt årskrift frå Kviteseid
I den 34. utgåva av «Gamalt frå Kviteseid» blir lesaren tatt med på ei reise gjennom historia til Kosaskulen, forteljinga om korleis Telemarkssongen blei til og visste du at sørlandsbanen på planleggingskartet gjekk innom Fjågesund?
Me nærmar oss slutten av året og jolegåvehandelen, og tradisjonen tru er årsskriftet frå Kviteseid historielag «Gamalt frå Kviteseid» klart. Ei redning for mange som kjøper jolegåver til dei som har alt, men til alt hell er interessert i lokalhistoria.
I årets utgåve takkar redaksjonsnemnda Tore Skaug for den store innsatsen som hovudredaktør for over 20 utgåver av årsskriftet, og Skaug sender nå stafettpinnen vidare til ei delvis ny redaksjonsnemnd.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den lange reisa til sjukehuset
Tore Torsdalen deler barndomsminne frå Fjågesund på femtitalet. Som liten gut tok han til å bygge hytte, men var uheldig med øksa og trefte kneet. «Så byrja ein storstila og ukjent aksjon, ikkje berre for meg, men for heile familien og alle tømmerhoggarane,» skriv Torsdalen. Frå Fjågesund var det nemleg langt til både lege og sjukehus på femtitalet.
Telemarkssongen
Som ei markering av at Telemark fylke frå nyttår blir lagd ned, har Olav Solberg skrive eit stykke om korleis Johannes Skarprud skreiv «Telemarkssongen.»
I 1919 var den ein konkurranse om kven som kunne skrive den beste fylkessongen for Telemark.
Skarprud fortel at det var kona Gunhild som siste dagen før fristen for å delta gjekk ut, fekk mannen til å skrive ein song. «Treiv blokk og blyant og til å laga vers. Strauk litt att, ja, men kom snart i sving att, – reint på lona var eg. Og om ein snau time stod songen der, plent som du ser han i dag,» fortalde Skarprud sjølv.
Det vart ikkje kåra ein vinnar av konkurransen, men to andreplassar, som Skarprud og Lavrans Rui delte. Pennen til Solberg avslører kvifor det vart slik.
Av andre lokalhistoriske godbitar finst mellom anna ein artikkel om alle poststadane som har vore i kommunen, om Kauphamar og Kviteseid gard og historia til Kviteseid Misjonslag og Fredheim.
kari.s@vtb.no