Ein gard i Telemark er blant innspelingsstadene for dramakomedien Jordbrukerne.Foto: Dag Jenssen/Rubicon/NRK
Tru på Rauland-reklame i ny NRK-komedie
Turistsjefen i Rauland er nøgd med at den nye NRK-serien «Jordbrukerne» har lagt mykje av handlinga til Øyfjell og Raulandsområdet. Han trur det kan vere god reklame for området på sikt.
I åtte delar følgjer dramakomedien ei gruppe unge menn frå austkanten i Oslo, som flyttar til ein gard i Rauland i Vinje i Telemark der dei startar Noregs første halal-ysteri.
– Allereie under innspelinga såg vi positive ringverknader. Skodespelarar og personar frå filmcrewet trong tenester, og det førte til at det lokale næringslivet opplevde utvikling og vekst, fortel turistsjef Torben Andersen i Rauland Turist til avisa Nationen.
I tre månader budde 40–50 menneske frå produksjonen på Rauland Høgfjellshotell i Vinje.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP