Unge talent i Tokke
Ungdomens kulturmønstring i Tokke (UKM) gjekk av stabelen onsdag.
Deltakarane i UKM i Tokke fekk gode tilbakemeldingar frå dommarane, Gunhild Austjord, Eli Taugbøl og Bjørg Astrid Gulseth. Frå den lokale konkurransen gjekk Ingvild Timland Lio (piano), Else Marie Tveiten Sannerholt (song og gitar) og duoen Jan Erik Skottveit og Jenny Skogsrød (gitar og song), vidare til fylkesdelfinalen på Ælvespeilet i Porsgrunn.
– Her er alt på stell. Gjennomføringa er solid, og det er godt å høyre på deg, var mellom det juryen sa til Lio.
Artikkelen held fram under annonsen.
Grunngjevinga for å sende Sannerholt vidare var mellom anna at juryen vurderte hennar innslag til å vere kveldens beste sceneopptreden, og at ho gjev eit heilskapleg inntrykk.
– Me synest de hadde eit bra samspel, med flott vaksen stemme og ein god gitarist. Men det er ikkje lov å gå av scenen utan å ta imot applausen, sa juryen til duoen Skottveit og Skogsrød.
– Arrangementet gjekk veldig bra, og det var mange dyktige unge med i år. I tillegg til dei som gjekk vidare til fylkesmønstringa deltok duoen The Girls, Aurora Timland og Andrea Vildalen og Stine Lundeberg. Aina Lillegård hadde måleriutstilling og konferansierane Tyra Prent Blomhaug og Leonora Dam Lang var også med i den lokale mønstringa, seier kulturskulerektor Kristine Rønning.