Investerte: Styreleiar Gunnar Eilefstjønn og dagleg leiar Geir Jensen i Granvin kulturhus AS i Seljord er nøgde med straumsparingstiltaket. Store delar av huset har mellom anna fått lyssensorar som sløkker lyset når det ikkje er folk i rommet.
Tone Tveit
Utan sparetiltaket hadde kulturhuset blitt stengt
I 2019 tok Granvin kulturhus tak og utførte eit enormt straumsparingstiltak som kosta 2,5 millionar kroner. Det kjentest kanskje litt unyttig akkurat då, men nå som straumprisen er ein heilt annan sparar kulturhuset mykje i straumutgifter i år.
Oppvarminga av det 5000 kvadratmeter store kulturhuset i Seljord skjer med straum og har mellom anna heile sju ventilasjonsanlegg, varmekablar og ei mengd panelomnar, som alle tidlegare vart styrt med gamle individuelle styringssystem.
I 2019 hadde kulturhuset, med kinosal, treningssenter, idrettshall, bibliotek, møterom, salar, kjøken og foaje, eit totalt forbruk på 695 392 kilowattimar. I 2021 blei straumbruken redusert til 367 111 etter at det nye systemet med datavaktmeisteren frå KE Automasjon hadde kome på plass.
– Dette viser at det er mykje å hente på automatisering av bruk av straum. Me har redusert eit årleg straumforbruk med 300 000 kilowattime. Hadde me ikkje tatt denne investeringa hadde me måtta stengt heile huset, for her er det bare kommersiell drift med unntak av dei 100 000 kronene me får av kommunen knytt til bygdekinodrift, seier dagleg leiar Geir Jensen og styreleiar Gunnar Eilefstjønn.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP